Flaumen Synne sine herjingar på den vesle tettstaden Feda i Kvinesdal i Vest-Agder.   (Foto: Tor Erik Schrøder, NTB scanpix)
Flaumen Synne sine herjingar på den vesle tettstaden Feda i Kvinesdal i Vest-Agder. (Foto: Tor Erik Schrøder, NTB scanpix)

Forskeren forteller: Når ekstremvêr blir normalen

Ekstremvêr som stormen «Synne» vil bli meir vanleg, noko naturvitskapen kan forklare. Korleis vi tilpassar og planleggar samfunnet i framtida treng andre fagdisiplinar. 

Det vêret som påverkar oss aller mest, er ekstremvêr ettersom dette vêret kan gjere stor skade. Vêr har faktisk endra historia. Til dømes har hærar og flåtar bukka under som følgje av vêr. I USA flytta over ein million menneske som resultat av orkanen Katrina.

Men kva gjer vêr ekstremt? Sidan 1995 har Meteorologisk institutt gitt namn på ekstremvêr. Sidan då har det vore alt frå ingen til åtte ekstremvêr i året. Dei siste herjingane ser vi i desse dagar med stormen «Synne» i Rogaland og Vest-Agder.

Ikkje ekstremvêr der det ikkje bur folk

Såkalla OBS-varsel blir sendt ut når liv og verdiar står i fare. Årsaka kan vere forventingar om sterk vind, store nedbørsmengder eller temperaturendringar som vil gi skadeflaum, ekstremt stor snøskredfare og stormflo. Alle varsla er relative. Til dømes krev det svakare vind for eit ekstremvarsel på Austlandet enn Vestlandet ettersom Austlandet er mindre vant med vind, og naturen og infrastrukturen er dårleg tilpassa sterk vind.

Dessutan lagar ikkje Meteorologisk institutt slike varsel for område der ingen bur eller den potensielle skaden er minimal. Med andre ord: Vêr kan ikkje bli ekstremt dersom det ikkje bur folk der vêret herjar. OBS-varsel er eit anna mindre alvorleg varsel når vêrforholda blir ubehagelege eller farlege, men i meir moderate former.

Ekstremvêr hender per definisjon sjeldan. Likevel vil dei alltid førekomme. Ein potensiell katastrofal hundreårsflaum vil trass alt kunne skje kvart hundrede år.

Vêr av den spesielle typen har nordmenn alltid opplevd, men før 1990-talet ville vi kalla det uvêr. Mesteparten av forskinga på ekstremvêr har òg skjedd sidan 1990-talet. Då såg forskarane at det ikkje berre var nok å forstå gjennomsnittet, men at klimaendringar kunne påverke det mindre vanlege vêret.

Varmare, våtare og villare

Risikoen frå ekstreme vêrhendingar er allereie i dag i ferd med å auke globalt. Men risikonivået vil vere høgt med ei oppvarming på 2 grader celsius. Med dagens karbonutsleppsvekst vil oppvarminga bli endå større. I Noreg vil global oppvarming føre til varmare og våtare vêr. Det betyr til dømes fleire hetebølgjer om sommaren og meir av det kraftige regnvêret.

Altså blir visse typar sjeldan vêr meir vanleg. Det som statistisk sett er definert som ekstremvêr i dag, er ikkje nødvendigvis det om 100 år. Klimaet blir villare eller rarare. Sjølv om det nye vêret statistisk sett ikkje er ekstremt, kan skaden dette påfører naturen og menneska vere den same som før, viss vi ikkje tilpassar oss.

Tilpassar seg dårleg

For oss menneske er det ikkje berre vêret i seg sjølv som er viktig. Den klimarelaterte risikoen heng òg saman med kor eksponert og kor sårbare vi er for vêret. Katastrofar og store skadar kan skje sjølv om vêret ikkje er spesielt uvanleg, men fordi menneska har planlagt dårleg eller tilpassa seg dårleg.

Til dømes er det ikkje spesielt lurt å byggje hus rett ved ei elv som er kjent for å flaume over. Slike eksempel er det mange av i Noreg. Éin måte å tilpasse seg klimaendringane på er rett og slett å byggje smartare. Her er kunnskap om kvifor og korleis samfunn tilpassar seg eller ikkje tilpassar seg viktig.

Ueinige forskarar

Som følgje av klimaendringar vil visse typar ekstremvêr bli meir vanleg. I Stavanger vil hundreårsstormfloen truleg skje fire gongar dette hundreåret, altså oftare enn kvart hundrande år.

Likevel var forskarane lenge einige om at ein ikkje kunne stadfeste at spesifikke vêrhendingar skuldast global oppvarming. Klimasystemet er for komplekst og kaotisk til det. Men dei siste åra har fleire studiar nettopp funne ein samanheng for enkelte ekstremvêr. Dette er omdiskutert, og her vil ny forsking, blant anna frå Cicero, bidra med mykje dei neste åra.

Ei anna konfliktlinje blant forskarane er kva for modell- og metodeforbetringar som trengst for å forstå ekstremvêr betre. Er det på stor skala og over lengre tidsrom, til dømes korleis El Niño gir rart vêr rundt om på kloden, som er viktigast? Eller er kunnskap på liten skala over kort tid, som vil krevje svært detaljerte modellar som samtidig ikkje er globale, viktigast? Mange av dei fysiske prosessane i atmosfæren skjer så lokalt at klimamodellar ikkje klarer å modellere det skikkeleg.

Eitt eksempel er korleis kraftige regnbyer oppstår og utviklar seg på ein varm sommardag. Etter kvart som superdatamaskinar blir meir og meir kompliserte og kan utføre utrekningar fortare og fortare, kan modellar få med endå fleire detaljar i tid og rom. 

Vatnet truar

I løpet av dette hundreåret vil årsnedbøren i Noreg kunne auke med 18 prosent. Dette vil føre til fleire og større regnflaumar.

Dei største skadane oppstår av styrtregn og her er kunnskapen mangelfull. I dag er forskarane usikre på korleis global oppvarming vil endre på nedbør som kjem i løpet av ein time her til lands. Truleg vil det kunne regne meir i løpet av ein time i 2100 enn i dag.

Den vanskelege kommunikasjonen

Ekstremvêr er av natur variabelt, og uvissa om når, kvar og korleis er stor. Dette gjer formidling av denne problematikken vanskeleg. Forskarar kan ikkje rope ulv, ulv for mange gongar.

Til dømes vil bønder i India ha stor interesse for spesifikk informasjon om vêr som påverkar avlinga på deira åkerlapp, men ikkje informasjon som er relevant for ein åkerlapp i nabostaten. Er det meldt vêrhendingar som kan øydeleggje heile avlingar? Denne informasjonen må bli spesialtilpassa på eit språk og ei form som er forståeleg. Dette er ein tovegsprosess ettersom bøndene lokalt veit best kva som påverkar avdelinga deira mest. Den same problemstillinga gjeld informasjonsutveksling med styresmakter, leiarar og andre som må ta val.

Å forstå og føreseie ekstremvêret er ei naturvitskapleg utfordring. Konsekvensane for menneske, samfunn og natur treng andre fagdisiplinar. Difor er ekstremvêr som utfordring, ei tverrfagleg nøtt. Eit eksempel på at forskarar arbeidar med dette på tvers av ulike fagfelt, er det nye prosjektet ClimateXL, som vil utforske og auke forståinga vår om uvisse av dette rare vêret.

Powered by Labrador CMS