Kan byrja å likne kvarandre, eller dei kan bli meir ulike. Ny forsking viser at det ikkje er sikkert at våte område blir våtare og tørre område tørrare. (Foto: NTB scanpix)

Knuser teorien om at vått blir våtare og tørt blir tørrare

Tidlegare har klimaforskarar trudd at tørre område på jordkloten blir tørrare, og våte område blir våtare. Ny forsking viser at dette ikkje stemmer

I samarbeid med NRK

 

Når forskarar skal undersøkje kor vått og tørt det blir i framtida, brukar dei gjerne målingar som skildrar klimaet over havet.

Desse målingane viser at våte område blir våtare og tørre område blir tørrare (DDWW-prinsippet).

Sidan det er mindre vatn i lufta over land enn over havet, har det vore vanskeleg å bruke same målingane på klimaet over land.

Derfor har forskarar ved den tekniske høgskulen i Zürich (ETH) i Sveits no undersøkt dei særskilde eigenskapane til klimaet over landm, fortel eurekalert.org.

Verken vått eller tørt

Dei har målt kor mykje det regnar, kor mykje vatn som faktisk fordampar, og kor mykje vatn det potensielt kan fordampe.

Lufta over havet inneheld meir vatn enn lufta over land. Derfor kan ein ikkje bruke dei same teoriane på klimaet over landjorda som over hava. (Foto: Colourbox)

Resultata frå desse målingane samanlikna dei med målingar gjort i 1948, 1968, 1984 og 2004. Dermed kunne dei studere endringane i kor fuktig og tørr ein region har vore.

For heile 75 prosent av landsområda dei undersøkte, er det ikkje noko som peikar mot enten tørrare eller våtare klima.

Av dei resterande 25 prosent av landsområda, er det berre halvparten (ein åttandedel av totalen) som følgjer DDWW-prinsippet.

Den andre halvparten viser det motsette.

Éin regel, mange unntak

Nokre stader som er våte i dag og som skulle blitt våtare ifølgje DDWW-prinsippet, har tidlegare gått frå å vere våte til å bli tørrare.

Det gjeld område i Amazonas-jungelen, Sentral-Amerika, tropiske strøk i Afrika og Asia.

Like eins viser studien at tørre område som skulle blitt tørrare, har blitt våtare i tidlegare tider. Til dømes sentrale delar av Australia, Midtvesten i USA og delar av Sør-Amerika.

Vått-blir-våtare-regelen gjeld derimot for austlege delar av USA, Nord-Australia og nordlege delar av Eurasia. Tørt-blir-tørrare-regelen gjeld for den arabiske halvøya, og delar av Vest-Afrika, Sentral-Asia og Australia.

– Resultata våre viser at me ikkje kan stole for mykje på forenkla prinsipp når me skal undersøkje om det blir våtare eller tørrare klima framover, seier Peter Greve som leier forskingsgruppa ved ETH.

Powered by Labrador CMS