Nyoppdaga Tingeling-veps blant verdas minste insekt

Forskarar fann nytt insekt som er berre 250 mikrometer langt.– Har vi ikkje alt funne dei, så må vi i alle fall vere nær ved å oppdage dei aller minste insekta, seier forskar bak funnet.

Publisert
Alven Tingeling har gitt namn til den bitte lille parasittvepsen Tinkerbella nana. (Foto: The Walt Disney Company Nordic/John T. Huber/montasje NRK)
Alven Tingeling har gitt namn til den bitte lille parasittvepsen Tinkerbella nana. (Foto: The Walt Disney Company Nordic/John T. Huber/montasje NRK)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Det nyleg oppdaga insektet Tinkerbella nana, som er oppkalla etter feen Tingeling frå boka om Peter Pan, er så lite at det knapt er synleg med det blotte auget. Dette skriv Live Science.

Med ei lengde på under 0,25 millimeter er det blant dei aller minste flygande insekta i verda, berre slått av Kikiki huna frå Hawaii.

Til samanlikning er ei hovudlus (2-3 millimeter) om lag 10 gongar så stor som Tinkerbella.

Insektet høyrer til familien dvergsnyltevepsar, ein type parasittvepsar som legg egga sine inne i egg og larvar hos andre insekt, for så å ete dei opp frå innsida.
Så små insekt er naturleg nok inga lett oppgåve for forskarane å oppdage, men forskarteamet leia av John Huber of Natural Resources Canada fann vepsen ved å leite etter insektegg blant lauv, jord og plantar i Costa Rica.

_____________________

Les hele saken på NRK.no