Det var eit lindetre som gjorde at Ingvild Austad vart forskar i Sogndal i 1978. (Foto: HiSF)
Det var eit lindetre som gjorde at Ingvild Austad vart forskar i Sogndal i 1978. (Foto: HiSF)

Høgskulens første professor emerita

Ingvild Austad blir ho høgskulens første professor emerita, og held fram med livsverket sitt.

Som professor emerita blir ein lauskopla frå institusjonen, men held fram med det ein vil av fagleg arbeid. Ingvild får eit kontor i Sogndal som ho har planlagt å bruke for å publisere forsking ho har hatt liggande og arbeide for saker som ikkje gjekk hennar veg den første gongen.

Ho ser òg fram til rådgjeving om å gjenskape Nikolai Astrups hage, og til å legge siste hand på boka «Ville vekster i hager og grøntanlegg». Det siste gjer ho i samarbeid med organisasjonen FAGUS, med støtte frå Miljødirektoratet.

– Det tok lang tid å bygge seg opp. No skal eg bruke lang tid på å bygge meg ned, spøkte Ingvild då ho vart feira med kake av kollegane.