Edvard Grieg (f. 15.06.1843) blei mellom anna brukt i tyske propagandafilmar under andre verdskrig. Det vekte motstandskamp hjå nordmennene. (Foto: AKG-Images/NTB Scanpix)

– Grieg vart brukt i politisk dragkamp under krigen

Eit nytt forskingsprosjekt vil prøva å kasta lys på norsk musikkhistorie i okkupasjonsåra. Edvard Grieg var ein av dei som blei eit politisk verktøy for tyskarane.

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

– Stakkars Grieg, sukkar professor i musikkhistorie Michael Custodis.

I 1943 blei den bergenske komponisten sitt 100-års jubileum feira. Lite visste Grieg om at namnet og musikken hans skulle bli brukt i ein politisk dragkamp mange år etter hans død i 1907.

– Alle ville ha eigarskap i musikken hans. Han var eit ikon og eit bilde på nasjonalromantikken, seier Custodis.

Han er professor ved Universitetet i Münster, og har saman med Arnulf Mattes, som er førsteamanuensis ved Senter for Grieg-forsking ved UiB, starta eit nytt forskingsprosjekt om norsk musikkhistorie mellom 1930 og 1960.

Dei meiner det er eit stort hol i historia om det norske musikklivet under krigen.

– Feltet har blitt dekka godt i andre land. Men på det europeisk musikkhistoriekartet, er Noreg eit blindpunkt. Me veit lite om musikklivet i okkupasjonsåra, og i tida før og etter, seier Custodis.

Førsteamanuensis ved Senter for Grieg-forsking, Arnulf Mattes, (t.v) og professor i musikkvitskap ved Universitetet i Münster, Michael Custodis, meiner det framleis er mykje me ikkje veit om hendingar i norsk musikkliv under den tyske okkupasjonen. (Foto: Marthe Njåstad)

Grieg i propagandafilm

Både Quisling-administrasjonen og det tyske propaganda-apparatet brukte jubileet til Grieg for alt det var verdt.

– Det norske ‘kulturministeriet’ under Nasjonal samling, med kulturminister Rolf Fuglesang i spissen, holdt radiotalar der Grieg blei hylla som «kunstnarisk bodbringar av ein nasjonalsosialistisk tidsalder», seier Mattes.

Tyskaren, under leiing av Joseph Goebbels, sette i gong ein stor-stilt propaganda-aksjon i Noreg, der enorme midlar blei brukt, med Grieg på alle kanalar. Han blei sjølve symbolet for norsk-tysk forbrødring.

Det vart også laga ein eigen propagandafilm.

– Denne propagandafilmen er det mest groteske eksempelet. Dei blei laga for jubileet av den norske NS-propaganda-regissøren Walter Fyrst. Tyskarane gav også Grieg-jubileet internasjonal tyngde ved å arrangera festkonsertar i Tyskland, med deltaking av norske og tyske musikarar og komponistar, som til dømes festkonserten med Berlin filharmonikarane, der David Monrad Johansen (Norsk komponsist og forfattar av den første biografien om Edvard Grieg. red.anm) var æresgjest, seier Mattes.

Tyske Nazi-musikkvitarar skreiv også om musikkhistoria.

– Dei publiserte sine eigne Grieg-bøker og artiklar, der Grieg sin innsats for norsk nasjonal fridomskamp blei blanda med den nasjonalsosialistiske visjonen om ein ny, germansk tidsalder.

Som ein konsekvens av den tyske propaganda-maskinen si ‘okkupering’ av Grieg-jubileet gav motstandsrørsla ut ein parole som oppmoda til full konsertboikott.

Det var også anna sivil motstand.

– Den sivile motstanden, som på denne tida framleis var uorganisert, var representert av kulturpersonlegdommar og andre støttespelarar, t.d. i styrer for musikkforeiningar. Nokre av dei, som Hans Jacob Ustvedt, gav ut ein Grieg-biografi i 1943 frå eksil i Sverige med tittelen «Edvard Grieg - tonedikteren - Nordmannen - demokraten»

Noreg i særstilling

– Kvifor var norsk musikk viktig for tyskarane?

– Noreg var det einaste landet som var akseptert grunna raseteorien. Tyskland behandla Noreg annleis enn alle andre okkuperte land. Det gjorde at musikken også var av høgare rang,  seier Custodis.

Ein hadde ein tanke om at det eksisterte ein germansk rase. Ein byrja også å omforma omgrepet nordisk til noko politisk og ideologisk. Nordisk musikk byrja å bli tysk «høgtståande rasemusikk».

Musikk og politikk i denne perioden har ikkje blitt sett godt nok i samanheng, meiner dei to forskarane.

– Musikkhistorikarane har gjerne sett på musikken for seg, utan å inkludera det politiske aspektet. Historikarane har på si side gjerne sett på det politiske, men ikkje tenkt på musikkhistoria, seier Mattes.

Interesse for Grieg-biografi

Dykk i arkiva har vist at tyskarane hadde stor interesse for biografien om Grieg som komponisten Monrad Johansen hadde skrive i 1934. Den var blitt «godkjent» av nazistane, og dei ønska å få den omsett til tysk.

– Tyskarane elska denne biografien. Monrad Johansen sin biografi var også etter krigen den viktigaste boka om Grieg. Johansen var ein leiande komponist, men hadde aukande nasjonalistiske interesser, og var involvert i dei tidlege nazi-rørslene, seier Mattes.

Han meiner det politiske aspektet forsvann i etterkrigstida.

– Det er ikkje sånn at alt som står i den biografien er feil. Me kan ikkje ignorera fakta, men me må balansera det med andre kjelder. Det er framleis somme delar av historia som manglar. Me trur me veit alt om Grieg, men me er ikkje kritisk til kjeldene for informasjonen me har.

Grieg er ein liten del av det som dei to musikkhistorikarane ønsker å sjå nærare på i prosjektet.

– Kva med konsertprogram som blei sett opp spesielt, eller som blei fjerna - og musikarar som blei tvinga til å opptre, eller som nekta å opptre? Kven var det eigentleg som samarbeida med tyskarane? spør Mattes.

– Det er ein romantisk ide om at musikk ikkje har noko med politikk å gjera. Når du lever i Noreg, ser ein ikkje på det som eit problem. I Tyskland er til dømes nasjonalsosialismen og musikk mykje forska på, seier Custodis.

Bergens Tidende 15. juni 1943, då ein feira 100-års jubileet for Edvard Grieg sin fødselsdag. (Foto: (Faksimile frå Bergens Tidende))

– Må ta diskusjonen no

Mattes og Custodis er berre i startfasen av prosjektet sitt, og er interesserte i å inkludera fleire personar.

– Me er i kontakt med mange forskarar andre stader, og me har funne nytt arkivmateriale som set ting i nytt lys. Me ønsker å komma i kontakt med så mange som mogleg som kan ha informasjon om musikklivet i Noreg i perioden.

Denne veka har dei hatt foredrag og paneldebatt i både Oslo og Bergen om temaet.

– Me vil få ein diskusjon i gang rundt dette, og det må gjerast no, medan folk framleis hugsar. Me vil stilla spørsmål som ikkje har vore stilt på 80 år, og visa materiale som har lagt skjult så lenge. Historia er enno ikkje skriven ferdig, seier Mattes.

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS