Ekstrem varme drap offera i Pompeii

Italienske arkeologar og vulkanologar har avdekt at offera i Pompeii ikkje vart kvelte av oske, men at dødsårsaken var ekstreme temperaturar på opptil 250º.

Publisert
Kanskje kan det vere ei trøyst i å vite at døden kom raskt til offera i oldtidsbyen Pompeii. Biletet viser gipsavstøyingar ved Nasjonalt museum for arkeologi i Napoli, Italia. (Foto: get directly down (Flickr))

I samarbeid med:

Denne saken er produsert av NRK, og ligger ute på forskning.no en måned fra publiseringsdato.

Oldtidsbyen Pompeii vart fullstendig øydelagt då vulkanen Vesuv fekk eit stort utbrot i år 79 etter Kristus.

Offera er svært godt bevarte, då dei døde kroppane deira vart dekt av oske frå utbrotet saman med resten av byen.

Til no har ein trudd at menneska i byen døydde ein langsam kvelingsdød på grunn av osken frå utbrotet, men nye studiar tyder på at dødårsaka var ei anna.

Nye funn av italienske arkeologar og vulkanologar tyder på at intens varme var hovudårsaken til at menneska døydde.

____________________

Les hele saken på nrk.no