Hardangervidda kan vere fleire hundre millionar år yngre enn tidlegare trudd

Ein ny norsk studie kastar om på etablert viten om danning av høgfjellsplatå verda over. – Meir må til for å overbevise tvilarane, kommenterer geolog.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Er høgfjellsplatå som Hardangervidda gammal havbotn som har heva seg, eller er dei skurt ned av isbrear? Ein ny studie tyder på det siste. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Høgfjellsplatå som Hardangervidda vere slipt ned av isbrear under tidlege istider, noko som gjer dei svært mykje yngre enn det forskarane har trudd til no.

Dette kjem fram i ein ny Nature-publisert studie gjort av Vivi Pedersen ved Universitetet i Bergen og David Lundbek Egholm ved Århus Universitet.

– Resultata antyder eit paradigmeskifte innan geologisk forsking, seier professor Ritske Huismans ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen som leiar forskingsgruppa som Vivi Pedersen er ein del av.

Geolog Per Terje Osmundsen ved Norges Geologiske Undersøkelser, NGU, er derimot ikkje einig i at dette medfører eit paradigmeskifte.

– Resultata er interessante, men det er nok ein større kabal som skal gå opp før tvilarane er overbevist, seier Osmundsen til NRK.no.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS