Kan ikkje forklare rekordstort jordskjelv

Eit overraskande kraftig jordskjelv på 600 kilometers djup overraskar seismologar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit jordskjelv i Stillehavet 24 mai i år vart plukka opp verda over. Bileta viser målingar frå seismisk stasjon i Finnmark (til høgre) og Troll-stasjonen på Antarktis til venstre. (Foto: Norsar)

Eit svært kraftig jordskjelv vart fanga opp av målestasjonar verda rundt 24. mai i år. Skjelvet som målte 8,3 på Richters skala, skjedde på over 600 kilometer djupn under Okhotskhavet, som ligg mellom Japan og Russland.

Ein ny studie publisert i Science viser at jordskjelvet er det sterkaste skjelvet som er målt på slike djupner, og at det gav opphav til ei usedvanleg stor rift som er heile 180 kilometer lang, ifylgje nettstaden Physorg.

– Det er eit mysterium korleis desse jordskjelva skjer. Korleis kan stein gli mot stein så raskt mens det blir pressa ned av eit trykk frå 610 kilometer av stein som ligg over, seier professor Thorne Lay ved Earth and planetary sciences ved University of California, Santa Cruz.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS