Plasmasky kan gi svar på kulelyn-mysterium

Amerikanske forskarar har utvikla ein ny metode for å studere kulelyn i laboratoriet.

Publisert

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Kulelyn

Vêrfenomen som er observert i samband med torevêr.

Oppstår plutselig, vanlegvis like etter eit ordinært lyn.

Storleik er rapportert til å vere omtrent som ein fotball, men det skal også vere sett kulelyn med ein diameter på opptil 20 meter.

Kulelyn beveger seg langsamt og tilfeldig omkring og er synleg frå ein brøkdel av eit sekund til nokre minutt.


Kjelde: Store Norske Leksikon

Amerikanske forskarar ved US Air Force Academy hevdar å ha utvikla ein meir effektiv måte å lage eit såkalla kulelyn i laboratoriet. Dette skriv BBC News.

Ved å utsette ei saltløysing for ei kraftig elektrisk ladning klarte forskarane å lage ei lysande sky av plasma (ionisert gassky) som svevde opp frå vassløysinga.

I forsøket var kulelynet synleg som ei spøkelsesaktige lysande kule i opptil eit halvt sekund før det forsvann like brått som det oppstod. Sjå videoen over.

_____________________

Les hele saken på NRK.no