Jordas indre er like varm som sola.

Nye målingar tyder på at jordas indre kjerne er 6000 grader celsius, like varm som solas overflate.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ved å gjenskape trykket i jordas indre i laboratorium på jorda, har forskarane komme fram til ein meir nøyaktig temperatur for kjernen. (Foto: NASA/JPL-Université Paris Diderot - Institut de Physique du Globe de Paris)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Sjølv om jorda bokstaveleg talt er like under føtene våre, er jordas indre like utilgjengeleg som ein framand planet.

For å finne ut kor varmt det er der inne, må forskarane prøve å gjenskape tilhøva i klodens indre i laboratorium på jorda.

Nye målingar gjort av franske forskarar tyder på at kjernen held heile 6000 grader celsius, noko som svarar til temperaturen på overflata av sola. Dette skriv BBC.

Det dei franske forskarane har gjort er å presse ein prøve av jern mellom to supersterke diamantar til eit trykk på 200 GigaPascal, og varme jernet opp med ein laser. Lyset frå den glødande jernprøven har då avslørt kva temperatur han held akkurat når han smeltar.

Så har forskarane ekstrapolert temperaturkurva til trykket der fast jern går over til jernsmelte i jordas kjerne. Dei nye resultata er publisert i tidsskriftet Science.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS