Annonse

Dette kraftverket er basert på "kald fusjon"

Eit italiensk selskap tar no opp bestilling på kraftverk basert på såkalla kald fusjon. – Ein bløff, seier norsk kjernefysikar.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Biletet viser ECATs mobile kraftverk basert på såkalla kald fusjon. (Foto: ECAT)

I samarbeid med NRK Viten


 

Selskapet ECAT, Cold Fusion Revolution, kunngjer no at dei tar opp bestillingar på små mobile kraftverk som skal kunne levere 1MW kraft ved hjelp av såkalla «kald fusjon». Dette skriv nettstaden PhysOrg.

Ifølgje nyheitsmeldinga på selskapets eigne nettsider skal den mobile krafteininga innehalde 106 mindre ECAT-einingar som er montert inne i ein skipskontainer. Selskapet seier at dei skal kunne levere kraftverket i løpet av fire månader.

Det er den italienske vitskapsmannen Andrea Rossi som står bak konseptet som eit samla vitskapsmiljø ristar på hovudet over.

Slik forklarar selskapet sjølv kva som er grunnlaget for kraftproduksjonen: Nikkel og hydrogen går saman ved å produsere kopar i ein “kald” kjernereaksjon.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS