Fossil menneskefot overraskar forskarane

Fossile beinrestar frå Etiopia viser at ein til no ukjend mennesketype levde i trea samtidig med at vår stammor Lucy gjekk på to bein.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei nye fossile beinrestane tyder på ein mennesketype med fot som ein ape. Biletet til venstre viser beinrestane montert inn i omrisset av ein moderne gorillafot. (Foto: Yohannes Haile-Selassie, The Cleveland Museum of Natural History/ Montasje, NRK)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Eit team av forskarar har gjort funn av 3,4 millionar år gamle fossile beindelar frå ein fot i Afar-området i Etiopia.

Sjølve funnet vart gjort av forskarane i februar 2009, og analysar av funnet er nyleg publisert i tidsskriftet Nature.

Studiar av fossilet viser at den fossile foten ikkje høyrer til eit medlem av Lucys art Australopithecus afarensis, som er vår mest kjende menneskelege stammor.

Sjå ein Nature-video om funnet som gir ny innsikt i utvikling av føtene våre her:

 

 

________________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS