Sprøytemiddelforbod skal hindre biedød

EU har innført forbod mot bruk av tre ulike sprøytemiddel som kan stå bak massiv biedød.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Planteverngifter brukt på blant anna solsikker er vist å kunne medverke til biedød gjennom å skade nervesystemet deira. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Globalt er biedød eit stort problem. No innfører EU eit forbod om bruk av tre ulike plantevernmiddel som er lenka til massiv forsvinning av bier. Forbodet er verksamt frå og med 1. desember.

Dei tre giftene det er snakk om er clothianidin, imidakloprid og thiametoxam som alle høyrer til ei gruppe insektgifter kalla neonikotinoidar.

Avlingar blir sprøyta med desse midla for å unngå insektangrep, men den triste bieffekten kan altså ha vore biedød.

Neonikotinoidar skadar bier gjennom nervesystemet og gjer at biene ikkje finn vegen tilbake til kuben sin.

Ifølgje forskingssjef Ingeborg Klingen på Seksjon for skadedyr, Avdeling for plantehelse og plantevern i Bioforsk, er desse insektgiftene i Noreg no berre brukt i veksthus og på potetplantar som ikkje blir besøkt av bier.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS