Noreg klimaversting i ny studie
Berre Kuwait og Qatar slår Noreg i CO2-utslepp per person dersom ein tel med norsk olje- og gass brent i utlandet.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I ein ny analyse har CICERO-forskar Robbie Andrew sett på korleis Noreg ville ligge an dersom ein også tar med utslepp frå norsk olje og gass som blir brent i utlandet.
Mens Noreg i dag ligg på 32. plass for territoriale utslepp per innbyggar, viser Andrews utrekningar at vi bykser opp til tredjeplassen dersom ein flyttar ansvaret for CO2-utslepp frå produksjon til utvinning.
_____________________