Arendalsveka starta i går, og universitet og høgskular er blant dei mange utstillarane og lobbyistane. (Foto: Patnaree Asavacharanitich, Shutterstock, NTB scanpix)

Så mykje brukar universiteta på Arendalsveka

Arendalsveka har blitt ein effektiv stad å møte den norske makteliten, meiner universiteta.

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

Universitetet i Agder, Høgskolen i Oslo og Akershus og NTNU satsar stort på Arendalsveka. Universiteta i Bergen og Oslo er òg med, men i mindre målestokk.

NTNU med eige skip

NTNU har leid det pensjonerte skoleskipet MS Sandnes i to dager for å huse ulike arrangement sammen med Sintef. Deltakere fra institusjonen kan òg overnatte der.

– Båten er svaret på mange hensyn. Vi trengte både et konferanselokale og et sted å overnatte. Det nærmeste hotellet som hadde stor nok kapasitet da vi undersøkte for ett år siden, var i Grimstad, forteller Stein Mortensholm, som er seniorrådgiver ved NTNU, med ansvar for samfunnskontakt.

Den viktigaste grunnen for deltakinga til Noregs største universitet er å synleggjere kunnskap i samfunnet.

– Vi har ofte politikarar på besøk, men ikkje alle politikarar har tid til å komme innom NTNU i løpet av eit år. Men svært mange dreg til Arendalsveka, konstaterer Mortensholm.

Fekk til autonomt testområde

Kunnskapsproduksjon til industrien er viktig for NTNU:

– Vi har med oss ei rekke råd nedover som er forankra i kunnskapsproduksjonen ved NTNU sidan 1910. Innanfor energiområdet vil vi bidra til eit lavutsleppssamfunn. Hav, helse, velferdsteknologi og digitalisering og òg prege samfunnsutviklinga i åra framover, seier Mortensholm.

Utover å formidle kunnskap til politikarar og andre er Arendalsveka og ein svært god møteplass.

– Vi skal møte masse aktørar. Men møter er først gode når dei blir følgde opp, fortel han.

På Arendalsveka i fjor møtte NTNU og Sintef mellom anna Kystverket, og diskuterte Trondheimsfjorden som testområde for autonome fartøy.

– Seks veker etterpå var vi ute på Trondheimsfjorden og signerte avtale om testområdet.

Sender ny rektor

Universitetet i Oslo er òg med på Arendalsveka, men i litt mindre målestokk.

– Vi bruker om lag 15 000 kroner på vår deltaking i år, seier fungerande kommunikasjonsdirektør Stein R. Fredriksen.

– Hovudargumentet vårt er å formidle kunnskap, både til det breie publikum, og til politikarar. Men det er òg ein effektiv møteplass. I år har vi ei nyvald leiing, og i Arendal kan dei treffe mange på kort tid. Det er og billeg. I praksis kostar det oss overnattinga, og så tek folk gjerne toget ned, seier Fredriksen.

– Mange vil lobbe for sine saker i Arendal. Får de gjennomslag?

– Vi har inntrykk av at det går greit. Det er mange som kjemper om merksemda, men mange får det òg til. Arendalsveka er ein effektiv møteplass for å få ut bodskapen.

Gjer alt på éin dag

UiB er òg tilstade under Arendalsveka, men har konsentrert mesteparten av innsatsen rundt onsdagen. Leige av stand, møtelokale og liknande kostar om lag 40 000 kroner. I tillegg kjem reise og opphald for deltakarane.

– Arendal har blitt ein viktig møteplass og ein viktig arena, der organisasjonslivet, mediene, politikken og det offentlege er der. Det er vel verd å markere at UiB er ein sentral utdannings- og forskingsinstitusjon gjennom å vere tilstades, seier kommunikasjonsdirektør Ingar Myking.

Helseklynga på Årstadvollen er noko av det UiB vil vise fram, og medborgarpanelet er plassert på stand gjennom heile veka, slik at publikum kan ta aktiv del i forskinga. UiB har og mellom anna arrangement om retorikk, og vil presentere det nye forskingsselskapet, saman med Universitetet i Agder og dei andre deltakarane. Bjerknessenteret deltek og med eige opplegg.

– Vi prøver å markere oss og vere synlege, men er ikkje av dei som brukar dei største summane, seier Myking.

Lagar konferanse

Høgskolen i Oslo og Akerhus (HiOA) held arrangementet Kunnskapskonferansen i Arendal, og har eit budsjett på kring 100 000 kroner. I tillegg kjem reiseutgifter.

– Høgskolen i Oslo og Akerhus ser Arendalsveka som ein viktig møteplass. Vi har i fleire år lagt eit av våre største arrangement, Kunnskapskonferansen, til Arendal. Her presenter vi aktuell forsking, som er viktig i samfunnsdebatten. Leiarane og forskarane våre er òg innleiarar på arrangement i regi av andre. Samtidig er Arendalsveka ein viktig arena for å møte beslutningstakarar og andre sentrale aktørar både i og utanfor UH-sektoren, seier direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, Sverre Molandsveen.

UiA feirar sine ti år

Om ein skal vurdere kva som blir den mest synlege aktøren frå UH-sektoren basert på programmet kjem Universitetet i Agder (UiA) øvst på pallen. Og det viser og pengebruken: UiA planlegg å bruke mellom 300 og 500 000 kroner på Arendalsveka, trass i at dei har få utgifter til reise og opphald.

Rådgivar Gerd Reidun Helmikstøl koordinerer det heile, og fyller sjølv opp huset sitt under veka.

– Vi har vore med heilt frå byrjinga av Arendalsveka, men vi har aldri hatt eige telt før, fortel ho.

Universitetet fyller ti år i år, og blir difor ekstra synlege.

– Arendalsveka har blitt ein viktig arena, og det kjem fleire og fleire folk. Det er eit høve for folk til å vise seg fram, men òg til diskusjonar seg imellom.

UiA har mellom anna fått næringsminister Monica Mæland til å opne ein ny mekatronikk-lab i Grimstad under Arendalsveka, der dei mellom anna skal drive med testing og utvikling av nye produkt for industrien. 

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS