Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, er i forhandlingar med OsloMet. UiB-styret skal 31. mai ta opp saka om nedlegging av På Høyden. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
Vil legge ned På Høyden
Leiinga ved Universitetet i Bergen ønskjer å legge På Høyden-redaksjonen til Khrono, som i dag er eigd av OsloMet.
I samarbeid med På Høyden
Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.
Universitetet i Bergen (UiB), som er eigar av På Høyden, er i forhandlingar om å bli medeigar i Khrono, som er eigd av OsloMet – Storbyuniversitetet.
Det meste er uklart både når det gjeld eigarstruktur og redaksjonell organisering i eit nytt stor-Khrono, men redaksjonsleiinga vil etter alt å dømme ligge i Oslo. Ifølgje rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, vil det vere «eit absolutt krav» at det framleis skal vere ein redaksjon i Bergen, som helst skal vere større enn i dag.
– Ta nasjonalt ansvar
– Vi ønskjer ønsker å ta større ansvar nasjonalt. Vi er også interessert i å ta vare på studentperspektivet i større grad, seier Olsen.
Etter det På Høyden forstår, er det i dag berre UiB og OsloMet som er i direkte forhandlingar om «nye Khrono». OsloMet gjekk i fjor ut til ei rad institusjonar i Universitets- og høgskolesektoren (UH) med invitasjon til å bli medeigar i Khrono. Dei fleste har takka nei, blant dei NTNU. Nokre er framleis avventande.
Leiinga ved UiB arbeider no med eit saksframlegg om nedlegging av På Høyden til møtet i universitetsstyret 31. mai.
Verken styret eller redaksjonen i På Høyden har blitt tatt med på råd i prosessen, som er eit initiativ frå OsloMet-rektor Curt Rice og Khrono-redaktør Tove Lie.
– Styrke Khrono
På OsloMet er det direktør for avdeling Organisasjon og virksomhetsstyring og tidlegare kommunikasjonssjef, Tore Hansen, som leiar forhandlingane. Han vil ikkje seie noko om samtalane med UiB.
– Vi prøver å finne fleire som er interessert i vere med på å styrke Khrono som et nasjonalt organ for UH-sektoren, seier Hansen.
– Har du tankar om korleis dette skal organiserast, til dømes kor redaktøren skal sitje?
– Vi er i desse dagar i samtalar med dei som er interesserte, og det er difor unaturleg å kommentere innhaldet i desse samtalane no.
Det har ikkje lykkast På Høyden å få kommentar frå rektor ved OsloMet, Curt Rice.
Garanterer lokalt stoff
Dag Rune Olsen seier han vil garantere for at det framleis skal vere ein redaksjon i Bergen som driv kritisk journalistikk på sektoren, men også skriv om UiB lokalt.
– Kan det vere aktuelt å fristille dei tilsette?
– Nei, ingen skal fristillast, ingen fast tilsette skal måtte søke på jobbane sine på nytt. Dette er eit absolutt krav i forhandlingane. Vi vil ha fleire stillingar i Bergen som eit forhandlingskrav.
– Kva tenker du som rektor om verdien av eit redaksjonelt uavhengig organ som På Høyden?
– På Høyden fyller eit rom som er viktig, med lokalt stoff og som debattarena om UiB-forhold.
– Kva tenker du om at ein Bergen kan bli styrt av ein redaktør i Oslo?
– Kanskje kan det bli ei løysing med ein assisterande redaktør i Bergen. Men dette blir eit forhandlingsspørsmål, seier Olsen.
Denne saken ble først publisert i På Høyden.