Jan Martin Nordbotten er professor i matematikk og seiler. Det har han kombinert i en langtur som har vart i over et år. (Foto: UiB)

Kronikk: Seglande professor ute av kurs

Å kombinere jordomsegling med full jobb er krevjande og uvanleg, særleg når ein er offentleg tilsett. Difor var det sjølvsagt at vi måtte skrive om saka, skriv redaktør i På Høyden, Dag Hellesund.

Matematikkprofessor Jan Martin Nordbotten har blitt lagt merke til dei siste vekene, etter at På Høyden skreiv om seglinga til den anerkjende og produktive professoren.

Han drog på tur våren 2015, og har fram til mai i år heva full løn. No har han nettopp starta to månaders permisjon utan løn. Sjølv reknar han å ha segla 85 døger i 2015, og meiner at han har nok ferie, laurdagar, søndagar og helgedagar til å kunne gjere dette utan å ta permisjon.

Kasta ut av Vista

Då Nordbotten drog, var han finansiert av det prestisjetunge Vista-programmet, betalt av Statoil. Då Vista-styret fann ut om seglinga, kasta dei han ut av programmet: Dei ville at Nordbotten skulle byggje opp eit solid forskingsmiljø i Bergen, ikkje langs ruta til jordomseglinga hans.

Nordbotten informerte ikkje Universitetet i Bergen om planane sine, men fekk klar beskjed om at han måtte ta ut permisjon utan løn. Så langt har han søkt om permisjon utan løn i to månader. Etter at På Høyden byrja å jobbe med saka har han dessutan sagt til Universitetet i Bergen at han ønskjer å ta ut til saman seks månader permisjon i løpet av turen, som etter planen skal vare i tre år.

Han har framleis publisert mykje, og meiner at dette har vore hans mest produktive periode. Nordbotten har òg fått tilslag på ein Toppforsk-søknad, som gir store inntekter. Det blir sjølvsagt tidvis langt til studentar og kollegaer, men ein kjem langt med epost og skype, meiner Nordbotten.

Tavle eller Skype?

På Høyden fanga opp denne saka i postjournalane til UiB. Vi er ei uavhengig avis som blir gitt ut av Universitetet i Bergen, og det var sjølvsagt at vi måtte skrive om saka. At ein forskar har ei så fri stilling at han kombinere jordomsegling med full jobb, var nytt for oss. Og ikkje heilt uproblematisk.

Universitetsprofessorar jobbar for skattepengane våre. Det er difor bra om vi får mest muleg forsking for pengane. Dersom ein professor får forska meir om vedkommande er borte, kan det isolert sett vere bra.

Men forskarar skal òg undervise, vere tilgjengelege for studentar og kollegaer som treng å diskutere fag med dei, og det følgjer ei rekkje andre plikter med. Ein epost kan heller aldri erstatte ein prat over kaffikoppen på nabokontoret eller i kantina. Sjølv har Nordbotten vore ein tilhengar av bruk av tavle i matematikk, noko han forklarer om i denne videoen. Men når han er på segltur baserer han seg på meir digitale verktøy.  

Akademia i lukka rom

At ein forskar dreg på jordomsegling og meiner at det er heilt greitt, er opplagt ei sak det offentlege bør kjenne til. Men framfor alt er det teikn på ein ukultur som tidvis kan utvikle seg i lukka rom, slik akademia tidvis er.

Gode, fleksible arbeidstidsordningar er bra, og kan gjere folk meir produktive. Men med fridomen følgjer eit stort ansvar: Det er felleskassen som betaler, og då må ein vere opne om kva som går for seg.

Det finst tider på året når det er vanskeleg å finne dei universitetstilsette: Sommaren er lang, og rundt jul og nyttår er det mange som har heimekontor. Mange jobbar langt meir enn dei skal, men det finst sjølvsagt òg personar som bruker fridomen til sin eigen, personlege fordel.

Dersom kvar og ein får avgjere kor mykje ho eller han vil jobbe, kan det fort gå galt. Dette gjeld ikkje Nordbotten, for alt tyder på at han jobbar i store mengder. Men han kan likevel ikkje ha full fridom til sjølv å avgjere kor han skal vere til ei kvar tid: Arbeidsgivar kan trenge hans arbeidskraft noko nærmare enn Stillehavet.

Men når einskilde forskarar, eller små fagmiljø som gjerne vil gi litt for gode arbeidsvilkår til sine særleg talentfulle tilsette, kan det fort gå galt. Slike avgjerder må ikkje bli tatt i lukka rom.

Talentjakta

Saka med Nordbotten peikar òg mot korleis vi tek imot unge, talentfulle forskarar. Det er mange program i Noreg som skal skilje ut dei mest talentfulle. Har du først fått favorittstempelet i panna, kan ein fort bli blenda av mottakinga. Det er viktig at forskarane blir sosialisert inn i eit miljø med gode haldningar, og der ein forstår samfunnsansvaret sitt fullt ut.

Nordbotten har difor ikkje aleine ansvaret for at denne gongen har hamna ute av kurs. 

Powered by Labrador CMS