- Trudde du hjorten heldt seg til den same skogen året rundt? Tvert om! Dei fleste hjortane er rastlause trekkdyr med vandringar som ikkje står tilbake for til dei afrikanske savannedyra, skriv Stein Joar Hegland (Foto: Johan Trygve Solheim / Norsk Hjortesenter)

Forskeren forteller: Ti ting du ikkje visste om hjorten

Epleslang, symjing, brøling i skogen, sexfestivalar og tidleg død er alle ein del av det spennande livet til hjorten.

Etter fleire år som forskingssjef ved Norsk Hjortesenter kjenner eg fleire av hemmelegheitene til dette store dyret som no finst i heile landet sør for Saltfjellet.

Her får du innside-kunnskap om nokre av hjorten sine mindre kjende diller, som epleslang og symjing, men òg om brøling i skogen, sexlyst og tidleg død.

Hjorten elskar søtsaker

Grønt gras og buskas er langt ifrå det einaste hjorten et. Både frukt, bær og grønsaker lever utrygt i hjorten sitt rike. Favorittane er kanskje eple, gulrot, kålrot, potet og blåbær. Hjorten sin hang til det søte kan gå hardt ut over hageplantar, velsmakande landbruksprodukt og næringsrike enger. I hjorteland kan ein kjenne att smarte bønder på dei høge gjerdene.

Hjorten er det hjortedyret (ved sidan av elg, rådyr og rein) som har den mest allsidige dietten.

Om sommaren går det mykje i gras og urter, men i vinterhalvåret sper hjorten på med busker og til og med bark, kvist og knoppar på tre. Barkgnag frå hjort (og elg) set spor så du kunne tru at eit rovdyr hadde kvesst klørne sine på dei stakkars trea.

Eit safaridyr på den norske savannen

Safari kan også vere kortreist. Hjorten er eit såkalla «skoglevande hjortevilt», men i delar av året brukar dyra å beite i ope lende, der dei er lettare å få auge på. Våren er difor safaritid.

Straks det første grønskjeret piplar fram på innmarka, medan resten av naturen framleis er litt grå, kjem hjorten til syne på bøen. Er du heldig, kan du sjå flokkar på titals, ja kanskje hundretals hjort i grålysninga eller i skumringa.

Også om sommaren er hjorten å sjå i ope terreng, men då må du til fjells for å finne dei.

Hjorten er sosial

Samanlikna med einslege elgar og skvetne rådyr, er hjorten eit sosialt dyr. Han lever det meste av livet sitt i ein form for flokk. Kor stor flokken er, og kven som er med, varierer gjennom året.

Under brunsten er mange hodyr (koller) med kalvar samla av storbukken i haremet. Vinter og vår brukar kollene å søke saman, medan bukkane ofte rottar seg saman i ulendt terreng både vinter og sommar. Den vetle familieflokken med mor, ungdyr og kalv – minus pappahjort som støtt er på eventyr – er hjortane sin versjon av kjernefamilien.

Dei finstemte sosiale antennene, små lydar og endringar i kroppsspråket, sikrar god informasjonsflyt om til dømes nye farar og freistande eplehagar eller om ein middagskvil. Dyra er supre til å tilpasse seg menneska rundt seg. Det er ikkje uvanleg å høyre om uredde hjortar på svipptur i hagar, eller til og med fjøsar, i tøffe vintrar.

Mobile skapningar

Trudde du hjorten heldt seg til den same skogen året rundt? Tvert om! Dei fleste hjortane er rastlause trekkdyr med vandringar som ikkje står tilbake for til dei afrikanske savannedyra.

Det er ikkje vasshola som trekker hjorten, men tanken på dei saftige fjellbeita, ofte nær ein isbre eller ei snøfonn. Utover sommaren er det ferskare mat å finne i høgda. Fjellskogen byr òg på færre parasittar og tryggare stader å kalve. Hjorten trekker oppover midt i mai, og brukar oftast berre eit par dagar på turen.

Om hausten vender han tilbake til låglandet, oftast i god tid før brunsten – haustens sexfestival – startar tidleg i oktober. Hjorten kan også symje, og driv gjerne med øyhopping eller fjordkryssing, ofte i rett linje til saftige fjellbeite om våren eller tilbake til den kjære heimstaden på hausten.

Du salige sexliv!

Skogen i hjorteland er full av lydar og lukter, ikkje minst i oktober, månaden for ei av dei sterkaste opplevingane i norsk natur. På denne tida innleier hjorten den reinaste Woodstockfestivalen i fjellsider landet over. Hjorten er i hormona sin vald, styrt av forholdet mellom lys og mørke, og er lysten på sex.

I ly av haustmørket brølar han bokstaveleg talt vinteren inn. Lyden kan ikkje skildrast –  han må opplevast. Det kjennast i ryggmargen når hanndyra brøler mot kvarandre i konkurranse om flest muleg av dei flottaste damene.

Ungbukkane prøver frekt å forsyne seg av dei eldre sine harem, men blir bryskt jaga vekk. Den store sex-festivalen har eit alvorleg føremål: Skal ein føre genane sine vidare, er det viktig å treffe det optimale tidspunktet for kalving, etter vårtrekket er ferdig altså i månadsskiftet mai-juni. Fullmåne i oktober: Here we come!

Tidleg død: jakta og vinteren er flaskehalsen

Det blir sagt at dei fleste hjortar endar livet sitt med ei kule i brystet, i «motorkassen». Sjåførar på Vestlandet veit at ei handfull dessverre òg endar livet på eit bilpanser. I jakta feller vi årleg nesten 40 000 hjortar her til lands. Det er litt fleire enn for elg og rådyr og mykje meir enn villrein.

Mange hjortar, spesielt kalvar og slitne brunstbukkar, kan òg stryke med på naturleg vis, særleg viss vinteren kjem tidleg eller varer lenge. Av og til kan snø- og isdekket bli for tjukt til at hjorten får tak i det vesle som finst av mat, og ingen stad i verden lever hjorten så langt mot nord som i Noreg. Utan jakt hadde endå fleire døydd, så jakt og folk har også ein funksjon i økosystemet.

For andre dyr er daud hjort ein kjærkomen bonus, og ørn, rev og fleire mindre skapningar har god nytte av eit hjortelik på hundre kilo. Norsk hjort har så langt synt seg å vera ein frisk fant og heldigvis har vi enno ikkje oppdaga hjort med den berykta skrantesjuka. Men kven veit kva farar som lurer bak neste blåbærtue?

Massakrar i mørket

Det skjer stadig massakrar i det ganske hjorteland. Dei fleste skjer i låglandet, der hjorten likar seg best vinterstid. Ulykkene skjer oftast når det er mørkt og gjerne når hjorten er på veg mellom dal og skog i samband med eit betre måltid på innmarka eller i hagen din. Minst tusen hjortar stryk med på denne måten kvart år.

Det finst smarte løysingar: ein kan gjerde inn vegen, ha blinkande skilt, lage trygge kryssingar for dyra, og rydde langs vegen så sjåførar oppdagar hjorten i tide. Kvitt problemet blir vi aldri, men vi forskarar og vegvesenet gjer vårt best for å finne innovative løysingar for å minske dyrelidingar og bilbulkar.

Sjølv om person- og bilskadar kostar samfunnet dyrt, er det hjorten som er mjuk trafikant og den største taparen.

Bra for blomane

Vi høyrer stadig at kulturlandskapet gror att utan husdyr på beite, men visste du at hjortevilt fjernar like mykje plantevirke som sauer og kyr gjorde i gamle dagar? Forskjellen er at ein treng mange fleire hjortedyr, og meir vedhogst, for å hindre attgroing. Med fleire hjortemunnar i arbeid, er det særleg tre og busker som får unngjelde.

Forskinga vår ved Høgskulen på Vestlandet tyder på at hjortebeiting gir betre vekstvilkår for spede urter og mosar. Faktisk er talet på blomstrar og andre planteartar høgare i hjorteskogen enn skogar utan hjort. Slett ikkje dumt, i ei tid der terrenget gror att.

Hjortekjøt er verdas beste råvare

Legg vi saman erfaringar frå vitskapleg testing av næringsverdi og mørheit med ei smaksoppleving som gir assosiasjonar til natur og økologi utan å dominere måltidet, og plussar på med dei tilbakemeldingar frå stjernekokkar, så er det inga tvil.

Dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter på Svanøy, Johan Trygve Solheim, som både er artikkelens fotograf og kokk, anbefalar denne enkle, men smakfulle hjorteretten «Triggers hjort på 9 minutter»:

  • Sprut litt rapsolje i ei varm steikepanne, og steik 500 gram tynn og mør del av lår eller bog brunt på alle sider i omlag 3-5 minuttar. Kjøtet vil vere blodig og rått i midten.
  • La kjøtet kvile i eit par minuttar før du skjer det i tynne skiver.
  • Fordel 2-3 skiver på eit lite stykke flatbrød.
  • Med ostehøvel skjer du skiver av smør som du legg på kjøtet. Nokre dråpar balsamico, dryss av flaksalt og grovmalt pepper på toppen gjer susen.
  • Server før smøret rekk å smelte.

Hjorten kan stå på to bein!

Ja! Sjå her! Håpar du lærte noko nytt.

(Foto: Johan Trygve Solheim / Norsk Hjortesenter)

 

Powered by Labrador CMS