Kronikk: Ikkje berre ein hund

Tredje august vart ein hund skoten av ein bonde på Hellestø, framfor augene på eigaren. Eit dyr er ikkje berre eit dyr - kva status det har avheng av kva forhold det har til menneske, skriv Kristin Armstrong Oma i denne kronikken.

Over 1000 personer møtte fram til minnemarkeringen for hunden Tønes som ble skutt ved Hellestø havn søndag 3. august. (Foto: Stavanger Aftenblad Fredrik Refvem / NTB scanpix)

Media, dyrevernsorganisasjonar og sosiale medier har gripe fatt i saka om hunden Tønes og debatten går heftig, på både sakleg og mindre sakleg nivå. Noah bruker saka som ein spydspiss for å argumentera for dyrepoliti.

Privatpersonar uttrykker vekselvist stort hat mot bonden og irritasjon over hundeeigar som ikkje overholdt båndtvang. Sauebønder har offentleg teke avstand frå hendinga, og likeså leiar i Bondelaget. 1000 møtte spontant opp på Hellestø til minnemarkeringa over hunden.

Saka vekker særs sterke kjensler og vitnar om at kjærleiken til hund sit djupt i ryggmargen på folk flest.

Banda mellom menneske og hund

Som både hundeeigar, arkeolog og forskar innanfor det tverrfaglege feltet Human-Animal Studies kjenner eg at saka engasjerer, og synleggjer banda mellom menneske og hund som har utvikla seg gjennom mange tusen år. Hunden har vore ein partner for mennesket - livsviktig i sporing, jakt, og etterkvart gjeting, dei beskytta våre forfedre mot farer og gått trufast ved sida deira.

Det sterke bandet og tilliten mellom menneske og hund ser me arkeologisk i form av til dømes hundegraver frå steinalder, der hundane har fått med seg gjenstander i grava.

Mi eiga forsking har dei siste åra handla om trekanten sau - sauehund - gjetar i bronsealderen, og eg har utforska denne trekanten utfrå mellom anna biologi, sosiologi og filosofi. Etologar, som er biologar som har dyr si åtferd som sitt spesiale, held fram at i sauehundar så er det opprinnelege jaktinstinktet til hundar blitt kanalisert til å gjeta og beskytta sauer.

Border Collie er i dag den mest brukte gjetarhunden og vert rekna som den mest intelligente hundetypen - gjetarinstinktet er sterkare enn jaktinstinktet, og heller enn å jaga går dei rundt og bak flokken og driv sauene mot gjetaren. Men sau og hund må vera sosialisert saman for å skapa eit godt samarbeid. Ofte må hundane arbeida i vanskeleg terreng, langt borte frå gjetar, og gjetaren stoler på hunen si evne til sjølvstendig problemløysing.

Opp gjennom historia er gjeting i liten grad blitt endra. Den største endringa har kome i vår tid, nemleg at saueeigarar ikkje prioriterer gjeting, men kalkulerer med ein viss tapsprosent. Myndigheitene har fått ei større rolle i sauehaldet, noko tap vert kompensert. Kanskje fører dette til ei slakkare haldning blant nokre sauebønder? I tidlegare tider måtte bonden sjølv dekka alt tap, og sauene hadde truleg dermed høgare verdi som individ.

Dyr og status

Eg vil hevda at denne saka demonstrerer korleis ulike dyr har ulik ontologisk, eller værensmessig, status i vårt samfunn. Eit dyr er ikkje berre eit dyr - kva status det har avheng av kva forhold det har til menneske.

Hunden har, i vårt samfunn, ontologisk status som individ med høg eigenverdi, med evne til å kjenna glede og smerte, og med ein type intelligens som er samanliknbar med menneskeintelligens. Dei fleste oppfatter hundar sin forskjell frå menneske basert på grad heller enn kategori.

Difor vert hundar tatt inn i hushaldet og behandla som familiemedlemmer; som barn - dei er som oss.

Sauen sin status endrar seg

Sauen har, derimot, sidan det funksjonalistisk prega jordbruket vart innført på 1950-talet, hatt ontologisk status som eit produkt. Men i sommar har sauehald blitt debattert; særs smertefull praksis og grov vald i samband med saueklipping er blitt avslørt. Dette vekte, til like med denne saka, sterk debatt i media, og eit stort folkeleg engasjement. Folk uttrykte avsky mot slik handsaming av sau, og tok til orde for merking av ullprodukt. Fleire produsentar bedyra at dei ikkje er i kompaniskap med ullprodusentar der slik husdyrpraksis vert utøvd.

Kanskje tyder dette på at sauen sin ontologiske status er i ferd med å endra seg? Forsking på sau og deira kognitive evner syner dessutan at dei er mykje smartare enn ryktet skulle tilsei.

Likevel er det ikkje mange som vil attende til bronsealderen, då folk og sau levde i langhus under same tak. Med større nærleik mellom dei vart truleg sauene sett som individ, som subjekt - noko som kan samanliknast med den spesielle stillinga kopplam gjerne får.

I dag opprettheld me derimot distanse til sauer og er i liten grad villige til å anerkjenna dei og bli kjent med dei på deira premiss. Som mellom anna Kristian Bjørkdahl ved UiO peiker på, så står dei fleste norske forbrukarar i spagat. Sjølv om veldig mange kan støtta opp om dyrevern så er dei ikkje villige til å sjå på kor kjøtstykket i frysedisken kjem frå, eller den tilhøyrande husdyrpraksisen.

Det kartesianske argumentet

Dette er ikkje eit nytt fenomen. Mellomalderhistorikar Keith Thomas peiker på at dette har vore ein verkebyll i vestleg historie, då dei lærde prestane vart dratt mellom å identifisera seg med dyr som skrik i smerte, og å spisa det same dyret. Filosofen René Descartes løyste dette dilemmaet med eit pennestrok med si berømte setning: Cogito, ergo sum. Eg tenker, difor er eg.

Og dei som tenker har sjel. Dyr kan ikkje tenka, og har dermed ikkje sjel, dei er fullstendig instinktstyrte automatar. Dette la grunnlaget for moderniteten si oppfatning av verda som innretta i eit artshierarki, med mennesket på toppen. I førkristen tid er det derimot mykje som tyder på at våre forfedre opererte med eit flatt artshierarki, der menneskeverdet ikkje var heilag, men visse dyr - som hesten - i visse tilfeller stod høgt i status.

I vårt samfunn er det kartesianske argumentet i ferd med å smuldra opp, som følgje av postmodernitet og posthumanisme. Enorme mengder forsking på dyr syner at me ikkje lenger er den einaste arten med bevisstheit og komplekse kognitive evner. Nokre arter - som hunden - nyt godt at denne forskinga.

Dyr er dermed ikkje lenger kategorisk andre, men er værensmessig ulike etter kva forhold me har til dei, og me koreograferer desse forholda i ein dans av nærleik og distansering. Då står hunden som deler seng med mennesket i ei radikalt anna stilling enn sauen som vert rekna som ein i ein flokk der ein må rekna med svinn.

Hunden som subjekt, sauen som objekt

Saka på Hellestø representerer desse ulike statusane. Når bonden hevder at han er like glad i sine sauer som hundeeigaren i sin hund, vert det absurd i mine øyrer. I så fall måtte bonden passa betre på sauene og teke konsekvensen av tidlegare hendingar der dei vart skada som han refererer til.

Hundeeigar hadde brukt tid og ressursar på å etablera eit nært vennskap med Tønes, medan bonden tydelegvis ikkje ser på sine sauer som adskilte individ. Hundeeigar snakker om Tønes med namns nemning, medan bonden snakker om sauene sine som ein flokk. Tønes er dermed anerkjent som subjekt, medan sauene er objekt.

Uansett ontologisk status er det uhøyrt å kaldblodig og uprovosert drepa ein hund etter eitslags føre-var prinsipp, som bonden har uttrykt. Sjølv om Tønes er borte for alltid håper eg at debatten kring denne saka forhindrer at slik ulovleg sjølvtekt nokonsinne skjer igjen.

Powered by Labrador CMS