Kinomiljøet har meir å seie for filmopplevinga enn skjermstorleiken. Slik såg det ut for sjåarane som fekk filmen servert på miniatyr-kino med ein PC-skjerm i staden for lerret. (Foto: Andreas Baranowski)
Kinomiljøet har meir å seie for filmopplevinga enn skjermstorleiken. Slik såg det ut for sjåarane som fekk filmen servert på miniatyr-kino med ein PC-skjerm i staden for lerret. (Foto: Andreas Baranowski)

Fekk film til å bli like bra på PC som på kino

Skjermstorleiken har lite å seie for den totale filmopplevinga. Så lenge du sit i riktige omgjevnadar, kan til og med mobilskjermen gje deg ei god oppleving.

Publisert

Om du slit med å kome deg inn på kinosalen med det største lerretet til ei filmpremiere, treng du ikkje fortvile meir. Tyske forskarar har kome fram til at skjermstorleiken ikkje har noko å seie, så lenge miljøet rundt deg er optimalt for filmtitten.

Så lenge omgjevnadene er stimulerande nok, held det med ein vanleg dataskjerm for å skape ei intens kino-aktig oppleving.

Merka knapt forskjell

Det fann dei ut, forskarane på psykologisk institutt ved Johannes Gutenberg-universitetet (JGU) i Mainz. Etter at dei hadde observert 300 forsøkspersonar, konkluderte dei med at vinkelen du ser ein film frå, ikkje har noko vesentleg å seie for filmopplevinga.

Visuelle signal speler ei større rolle for å trekkje sjåarar inn i ein film. Då forskarane gav dataskjermen kjenneteikn frå ein kinosal, merka forsøkspersonane knapt forskjell mellom det og ein vanleg kino med stor skjerm. Sjølv skjermen på ein mobiltelefon gjorde det relativt godt i eit kinomiljø.

– Du byrjar å undre deg på kvifor folk held fram med å vitje kinoen no som dei kan sjå alt heime, seier Andreas Baranowski ved JGU. Derfor fann han ut at han skulle undersøke om det var rommet og storleiken på skjermen som skapte ei anna og betre filmoppleving.

Imitert kino med modelleire-publikum

Forsøkspersona fekk sjå ti minutt frå filmen Gullivers reiser i tre ulike miljø. Nokre av dei gjekk på kino. Ei anna gruppe såg på dataskjermen. Gruppe tre satt framfor ein miniatyrkino, med ein skjerm på 30 X 53 cm, imiterte seterekkjer med små figurar i modelleire, tepper og gardiner, alt for å skape «kinostemning». Den siste gruppa måtte klare seg med ein kinomodell der skjermen vart vist på ein mobiltelefonskjerm.

 

Dei tyske forskarane bygde ein kinomodell rundt ein liten skjerm, og fekk sjåarane til å leve seg inn i filmen nesten like godt som på kino. (Foto: Andreas Baranowski)
Dei tyske forskarane bygde ein kinomodell rundt ein liten skjerm, og fekk sjåarane til å leve seg inn i filmen nesten like godt som på kino. (Foto: Andreas Baranowski)

Resultata tydar på at jo større skjermen er, jo meir lèt sjåarane seg trekkje inn i handlinga. Men sjølv om resultata var best på den ekte kinoen, var ikkje miniatyrkinoen med dataskjermen langt etter, og den var i sin tur berre litt framfor modellen med mobilskjerm.

– Vi trur at effekten av skjermstorleiken er overvurdert. Den er ikkje statistisk signifikant, samanfattar Baranowski i ei pressemelding. Det som var signifikant, var forskjellen i effekt mellom miniatyrkinoen og den berre dataskjermen – noko som får psykologane til å konkludere med at omgjevnadane spelar ei avgjerande rolle.

Referanse:

Andreas M Baranowski, Heiko Hecht, The big picture: Effects of surround on immersion and size perception, Perception 2014. doi:10.1068/p7663.

Samandrag