Kronikk: Ny teknologi kan fange laks på rømmen

Etter 40 år med rømt laks er tida inne for å sjå på kva fangstteknologi vi treng for å fanga inn og sortera ut rømt laks frå gyteområda til villaksen, skriv Øystein Skaala i denne kronikken.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Laksefangst med stang i Vosso anno 1912. Mykje av forskinga på og forvaltinga av rømt oppdrettslaks er framleis basert på denne fangstmetoden. (Foto: (Utlånt av Stiftinga Voss klekkeri))

I Nord-Amerika fins det spennande teknologi som er utvikla for å fanga gytelaks på oppvandring i vassdrag.

Dette er lette, portable, kostnadseffektive fangstsystem som med tilpassing og utvikling truleg ville fungera godt i mange norske vassdrag der ein vil sortera ut rømt oppdrettslaks.

I Norge har det ikkje føregått teknologiutvikling av nemnande omfang og dei amerikanske systema er heller ikkje testa ut her hos oss.

40 år med rømt laks, 20 år med dokumentasjon

Rømt oppdrettslaks som blandar seg inn i gytinga til villaksen er ifølgje forvaltinga eit av dei største miljøproblema i norsk fiskeoppdrett. Sidan slutten på 1980 talet har forskingsmiljø og styresmakter registrert rømlingar i varierande mengder i villaksen sine gyteområde.

På trass av næringa sin innsats for å redusera røminga, er andelen rømlingar i mange vassdrag for høgt og i konflikt med måla i Fiskeri- og kystdepartementet sin Strategi for en miljømessig berekraftig havbruksnæring. Nye molekylargenetiske data tyder på at mange villakspopulasjonar alt er påverka av rømt laks.

Etter 40 år med rømt laks og 20 år med registrering og dokumentasjon er tida inne for å sjå på kva fangstteknologi vi treng for å fanga inn og sortera ut rømt laks frå gyteområda til villaksen.

Forvaltinga er hjelpelaus

Dei seinare åra har vi sett fleire tilfelle av rømmingsepisodar i nærleiken av viktige nasjonale laksevassdrag. Eksempelvis har vi vore vitne til ei rekkje alvorlige rømmingsepisodar mellom anna av gytemoden stamfisk i nærområdet til Etneelva som er eit nasjonalt laksevassdrag med ein tilhøyrande nasjonal laksefjord. Laksevassdrag og –fjordar vart oppretta av Stortinget for å sikra viktige villbestandar blant anna mot rømt oppdrettslaks.

Og likevel, kvar gong det skjer ein episode, står forvaltinga like hjelpelaus og ser på at rømlingane invadrerer gyteområda til villaksen. Her og der er det gjennomført omfattande dugnadar og sporadiske småprosjekt for å få ned talet på rømlingar ved bruk av fiskarar og dykkarar med garn og harpun. Men garn og harpun i elvar med haustflaum er ingen spøk! Og heldigvis har ein sålangt unngått alvorlege ulukker.

Men kvifor kan ein ikkje fanga rømlingane i sjøen? Fleire forsøk har vist at rømt laks spreier seg raskt etter røminga, og mange dykkar til ganske store djup. I praksis har det vist seg at det berre er ei liten del av rømlingane ein lukkast med å fanga inn i sjøen, og det er semje om at det er i vassdraga rømlingane representerer det største problemet.

Med den merksemda rømt laks i vassdrag har hatt i Norge gjennom mange år, er mangelen på teknologiutvikling bekymringsfull. Kanskje bør ein no ta eit steg frå problembeskrivelse til problemløysing? Ved Havforskingsinstituttet har vi difor undersøkt kva som fins av relevant fangstteknologi for innfanging av gytelaks i vassdrag.

Lite nytt på femti år

Det vi fant overraska oss på fleire måtar. I Norge og Europa elles ser det ut til at utviklinga har stått stille dei siste 50 åra. Her var det lite nytt, og ansvaret er overlate til små enkeltmannsføretak utan ressursar.

Når ein ser på den lange debatten vi har hatt om rømt oppdettslaks i Noreg, kan ein undra seg over dette.

I USA derimot var det fleire spennande prosjekt med interessant teknologi. Det som særleg peika seg ut som relevant for norske føremål var ”Resistance Board Weir”, eit fellesystem utvikla for 20 år sidan, og som blant anna er i bruk i forvaltinga av anadrom laksefisk Alaska, California, Oregon og i Kanada. Resistance board weir er eit lett, portabelt system som baserer seg på 6 m lang rister som oppstraums er forankra i elvebotn medan nedre del er flytande og hevar og senkar seg med vassføringa i elva.

Dette inneber også at ein del rusk og rask som kjem flytande nedover vil passera over sperren. All oppvandrande fisk blir slusa inn i eit kammer der dei kan løftast ut for registrering og sortering. I slusesystemet kan ein eventuelt montera inn utstyr for bilde- eller videoregistrering av fisk, noko som ser ut til å fungera svært bra for ein del føremål.

Resistance board weir system i drift i California. (Foto: (Utlånt av Joe Merz, Cramer Fish Science, California))

Ein flygande start

Sommaren 2011 inviterte Havforskingsinstituttet difor ein representant frå ein brukar over til Hardangerfjorden for ein presentasjon av utstyret og synfaringar i aktuelle vassdrag. Interessant nok viste det seg at Etneelva kan passa godt for ei uttesting av Resistance board weir systemet, og vi har utforma ein prosjektplan for dette.

Ein fordel med systemet er at det lett kan demonterast og flyttast. Ein kan ta det opp etter at oppvandringa er slutt td i starten på november, og plassera det ut att etter vinteren og i forkant av neste oppvandring. Dette reduserer driftskostnader og vedlikehald.

Det kan tenkjast at systemet må tilpassast og vidareutviklast for å passa i større vassdrag, men dette ville i alle høve gje oss ein flygande start. Systemet ville gje ein interessant anledning til å registrera og ikkje minst sortera ut rømt oppdrettslaks på ein forsvarleg måte.

Samtidig vil det gje forskingsmiljøet høve til å kvalitetssikra innsamlinga av materiale av rømt fisk i vassdrag. I tillegg ville ein få svært gode og nøyaktige data på mengde av villaks og sjøaure, noko vi også har bruk for i Noreg.

Powered by Labrador CMS