Edderkopp bruker luftboble som gjelle

Vassedderkoppen kan klare seg eit heilt døgn under vatn på medbrakt luftboble, viser ny forsking.

Publisert
Ein vassedderkopp på veg ned i vatnet med ny forsyning av luft til dykkarklokka si. Dette treng han berre gjere ein gong i døgnet viser ein ny studie. (Foto: Stefan K. Hetz, Humboldt Universitet)
Ein vassedderkopp på veg ned i vatnet med ny forsyning av luft til dykkarklokka si. Dette treng han berre gjere ein gong i døgnet viser ein ny studie. (Foto: Stefan K. Hetz, Humboldt Universitet)

I samarbeid med

Denne saken er produsert av NRK.


 

Vassedderkoppen er den einaste edderkoppen som lever heile livet under vatn.

Han klarar seg under vatn ved hjelp av luftbobler som han lagrar under vatn i ei slags dykkarklokke laga av silke.

Fram til no har ingen visst nøyaktig kor lenge vassedderkoppen kunne klare seg under vatn, og korleis han nyttar luftboblene til å puste, men ein ny studie som er publisert i tidsskriftet Journal of Experimental Biology avslører edderkoppens hemmelegheit.

____________________

Les hele saken på NRK.no