Zoomar inn på mikromonster

Væpna med kamera og mikroskop har multimedia-artist fanga ørsmå vesen i levande film. Sjå den utrulege videoen.

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Mygglarvar, grønalgar og ørsmå skaldyr er blant vesena som er filma på kloss hald av 27-år gamle Clemens Wirth frå Innsbruck i Austerrike.

Hovudpersonane i Wirths film er alle vasslevande småkryp som er filma i sitt naturlege miljø i vatn frå innsjøar og dammar eller vatnet frå fisketankar.

Gjennom mikroskopet gir Wirth oss tilgang til ei mikroskopisk verd der ingen av skapningane er større enn eit par millimeter.

 

__________________________

Les hele saken på NRK.no 

 

Powered by Labrador CMS