Fann fossil av forhistorisk gigantnebbdyr

Ei fossil tann vitnar om at Australia i tidlegare tider husa eit kjøtetande gigantnebbdyr.

Publisert
Kjempenebbdyret Obdurodon tharalkooschild kunne ta mykje større bytte enn det dagens nebbdyr kan. (Foto: (Illustrasjon: Peter Schouten))
Kjempenebbdyret Obdurodon tharalkooschild kunne ta mykje større bytte enn det dagens nebbdyr kan. (Foto: (Illustrasjon: Peter Schouten))

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Australia er kjent for sitt særeige dyreliv, med artar som ikkje finst nokre andre stadar i verda.

No tyder eit nytt fossilfunn på at dyrelivet i fortida var endå meir eksotisk og også inkluderte ein godzilla-variant av eit nebbdyr.

Den forhistoriske nebbdyrarten som levde i Australia for ein stad mellom 15 og 5 millionar år sidan, har fått namnet Obdurodon tharalkooschild.

– I lengde var nebbdyret om lag som ein stor hund. Men i kroppsform minna han meir om ein sel med stort nebb og giftkloer på innsida av bakbeina lik moderne nebbdyr, seier professor Michael Archer ved University of New South Wales i Sydney til NRK.no.

_____________________

Les hele saken på NRK.no