Fann forklaring på penismysterium

Ny forsking kastar lys over korleis fuglane mista penisen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Saman med dei fleste andre fuglar manglar hanen penis. No har amerikanske forskarar funne ut korleis penistapet har skjedd. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:



 

Denne saken er produsert av NRK.

Omtrent 97 prosent av alle fugleartar manglar penis. Amerikanske forskarar har no funne ut korleis evolusjonen har ribba fuglar for utstyret sitt.

Studien til forskarane ved University of Florida viser at hønsefuglar utan penis har anlegg for penis tidleg i fosterlivet. Men på eit seinare stadium i fosterutviklinga blir det skrudd på eit genetisk program som fører til at den begynnande penisveksten stoppar opp.

Deretter blir utstyret heilt tilbakedanna til det berre er att eitt felles hol for avføring og kjønnssekret, ein kloakkopning.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS