Datastudentar med Asperger
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
På IT-studium er det ofte langt fleire studentar med Aspergers syndrom enn på andre studium, melder HiO-nytt.
Aspergers syndrom, som er ein mild variant innan autismespekteret, vart ikkje kjent før enn på 1990-talet (sjå faktaboks).
Tidlegare var ein svært sjeldan merksam på det, men no ser det ut til å verte fleire tilfelle. Det er ofte langt fleire gutar enn jenter med Aspergers syndrom. Dei hamnar ofte på IT-studium, då dei gjerne finn seg til rette i interaksjon med datamaskinar, som ikkje krev så mykje direkte kontakt med andre menneske.
Dei vert gjerne oppfatta som lite sosiale og nerdete av andre.
– Kor mange som har Aspergers syndrom, er vanskeleg å seie. Frå tre til sju promille av folket, seier ein ofte. Men i IT-bransjen er det langt fleire, kanskje tre til fem prosent av IT-studentane. Altså ti gonger så mange, seier førstelektor i informatikk ved Avdeling for ingeniørutdanning, Kirsten Ribu.
– Vi veit positivt at vi har nokre studentar med Aspergers syndrom på datalinja hos oss, og trur endå nokre fleire kan ha det, seier Kirsten Ribu.