Skal gjenskape hjernen i datamaskiner

Forskarar verda samarbeider om å samle kunnskap om hjernen. Norske forskarar medverkar med hjerneversjonen av Google Earth.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Hjernen skal kartleggjast i eit digitalt hjerneatlas som del av eit stort hjerneprosjekt. NB på biletet ser vi ein rottehjerne. (Foto: T. B. Leergaard, J.G. Bjaalie, NeSys-gruppen, UiO)

I samarbeid med


 

Denne saken er produsert av NRK.

Forskarar verda samarbeider om å samle kunnskap om hjernen. Norske forskarar medverkar med hjerneversjonen av Google Earth.

Menneskehjernen består av omtrent 100 milliardar nerveceller, 3 millionar kilometer leidningar og ein million milliard koplingspunkt.

EU-prosjektet Human Brain Project set seg som mål å samanfatte all eksisterande kunnskap om vår innfløkte hjerne. I prosjektet skal forskarar frå heile verda gjenskape hjernen ved hjelp av avanserte datamodellar og simuleringar.

Dataversjonen av hjernen skal gi ny innsikt i korleis hjernen vår fungerer, og forståing av sjukdommar som kan ramme han, som til dømes Alzheimer og parkinsons sjukdom.

Forskarane håpar også å lære av hjernens evne til å bearbeide informasjon som kan føre fram til ny datateknologi.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS