Slik kan vi løyse realfagkrisa
Her er forskarane sine råd til norske skulepolitikarar for korleis vi kan oppnå betre realfagsresultat.

Etter dei dårlege norske realfagsresultata i Pisa er det på ny krisestemning, og politikarar og andre leiter etter løysinga.
Her er forskaranes gode råd til skulepolitikarane:
– Naturfag som vitaminpille
– Vi må ha som mål at elevane går ut av grunnskulen med nysgjerrigheit, interesse og fortsatt motivasjon til å gå vidare med desse fag. Skulens naturfag må ikkje fungere som ei vaksine mot naturfaga, men tvert i mot som ei vitaminpille som dei kan bere med seg, seier Svein Sjøberg til NRK-programmet Ekko.
Sjøberg er professor emeritus i naturfagpedagogikk ved Universitetet i Oslo.
_____________________