Bakgrunn: Lakrisplanten

Lakris, eller Glychyrriza glabra, er ei plante i erteblomstfamilien. Den er fleirårig, kan bli ca to meter høg, og er ei gammal medisinplante.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Planten høyrer naturleg heime i Midtausten og Kina. Den er av og til omtalt som “den eldre statsmann”, fordi folk trudde den harmoniserte og sameinte andre botaniske vekstar i ei blanding.

Lang medisinsk tradisjon

Lakris, som kjem frå rota og rotstengelen av Glychyrriza-arten, har i fleire tusen år blitt brukt som medisin på grunn av ulike terapeutiske eigenskapar.

Lakris er for eksempel eit av dei mest brukte legemidla i tradisjonell kinesisk medisin, og blei også brukt som legemiddel allereie i antikken av egyptarane, grekarane og romarane. Planten blei faktisk funnen i gravkammeret til den egyptiske faraoen Tut-ankh-Amon.

Folkemedisin

I folkemedisin er lakris mellom anna brukt mot hoste og bronkitt, mage- og tarmproblem, uregelmessig menstruasjon, impotens, eksem og for å få sår til å gro. Den er også kjent for å virke avførande og vanndrivande, og for å fjerne dårlig ånde. I dag finn vi lakris i for eksempel hostemiksturar og pastillar.

Lakrisgodteri inneheld ikkje alltid lakris. Men lakris set ofte smak på mat, tobakk, drikkevarer, medisinar og søtsaker.

Uheldige effektar

Inntil nyleg blei steroidet glycyrrhizinsyre frå lakrisplanten brukt i kommersielle produkt mot magesår. Dette har ein gått vekk frå, fordi ein oppdaga at steroidet kunne ha uheldige effektar på salt- og vassbalansen i kroppen.

I fjor meldte tidsskriftet Nature om at svenske forskarar som meinte lakris kunne gi høgt blodtrykk. Dei hadde funne ut at eit inntak på berre 50 gram dagleg kan gi ein stor auke i blodtrykket.

Powered by Labrador CMS