Hevdar at bergkunst av kvinneleg kjønnsorgan er eldst

To franske grupper rapporterer om å sitje på Europas eldste bergkunst. – Som å samanlikne ein lokal kunstnar med da Vinci, seier britisk ekspert ved UiO.

Eit kvinneleg kjønnsorgan rissa inn i stein kan vere det eldste døme på bergkunst. (Foto: Raphaëlle Bourrillon)
Eit kvinneleg kjønnsorgan rissa inn i stein kan vere det eldste døme på bergkunst. (Foto: Raphaëlle Bourrillon)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Chauvet-hola

Hole med veggmaleri i Ardèche-distriktet i Frankrike.

Oppdaga i 1994.

Maleria som førestiller blant anna nashorn, løver og bjørnar er verdas eldste kjende holemaleri.

Maleria er knytta til aurignacien-kulturen i yngre paleolittisk tid.

Kjelde: Store Norske Leksikon.

Med ei vekes mellomrom rapporterer to konkurrerande forskargrupper om Europas eldste bergkunst.

Den nyaste publikasjonen er funn av grafiske framstillingar, blant anna det som skal vere eit kvinnelege kjønnsorgan, på ein nedrasa heller i Sergeac i Dordogne-området i Frankrike.

Helleren, kalla Castanet-helleren, som rasa ned for titusenar av år sidan har blitt undersøkt og datert av eit team av forskarar frå USA, Frankrike og England.

 

 

________________________________

Les hele saken på NRK.no

 

 

Powered by Labrador CMS