Dette er verdas eldste kunst

I ei hole i Spania har forskarar avdekt 42 000 år gamle holemåleri, det tidlegaste funnet av kunst nokon sinne.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

42 000 år gamle holemåleri i Cueva de Nerja i Malaga. (Foto: Fundación Cueva de Nerja)

I samarbeid med:


 

Denne artikkelen er produsert av NRK.

I den spanske hola Cueva de Nerja har spanske forskarar funne det hittil eldste kjende døme på forhistorisk kunst.

Dei 42 000 år gamle måleria med raudoker føresteller selar, eit dyr som ikkje er eit vanleg syn i dagens Middelhav, men som levde i området under siste istid.

Det er aldersdateringar av kol som er funne på bakken nær måleria som har gjort det mogleg for forskarane å datere maleria.

Kolet som er funne på bakken er sannsynlegvis restar av faklar som har vore brukt av kunstnaren sjølv eller skodelystne for å opplyse måleria. Karbondateringar tyder på at kolet er mellom 43 500 og 42 300 år gammalt.

 

_________________________________

Les hele saken på NRK.no

 

 

Powered by Labrador CMS