Avdekka verdas eldste hamn

Arkeologar fann 4500 år gammal båthamn frå regjeringstida til kong Keops.

Publisert
Båthamn frå oldtida i Wadi el-Jarf i Egypt. Hola i berget var brukt som lagerrom for båtar samt krukker for å oppbevare vatn. (Foto: Pierre Tallet, Université Paris-Sorbonne)
Båthamn frå oldtida i Wadi el-Jarf i Egypt. Hola i berget var brukt som lagerrom for båtar samt krukker for å oppbevare vatn. (Foto: Pierre Tallet, Université Paris-Sorbonne)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Eit team av franske og egyptiske arkeologar har avdekka verdas eldste hamn i Egypt.

– Bevis som er grave fram på staden viser at hamna er meir enn 1000 år eldre enn noko anna kjent hamnestruktur i verda, seier egyptolog Pierre Tallet ved Université Paris-Sorbonne til Discovery News. Talle leia utgravingane i Wadi el-Jarf i Egypt.

Hamnekomplekset er om lag 4500 år gammalt, og skriv seg frå perioden då den egyptiske faraoen Keops herska over eitt av oldtidsverdas største riker.

Keops regjerte frå omkring 2589 til 2566 før vår tid, og er mest kjent for konstruksjonen av eitt av verdas sju underverk, Keopspyramiden.

_____________________

Les hele saken på NRK.no