Fleire vitjar norske museer

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Norske museer hadde til saman 10,6 millionar vitjingar i 2011. Det er omtrent det same som i 2010. Sett i eit femårsperspektiv, frå 2006 til 2011, så har det likevel vore ein auke på 1,2 millionar vitjingar, eller 13 prosent, på musea i Noreg. 

I 2011 var det registrert om lag 48 millionar gjenstandar i samlingane til dei norske musea. Med nokre få unnatak veks talet på gjenstandar for kvart år. Frå 2010 har talet auka med 13 prosent, og frå 2006 har det auka med 39 prosent.

Samlingane inneheld blant anna 640 000 kunsthistoriske gjenstanda, 4,6 millioner arkeologiske gjenstandar, 3,6 millioner objekter frå kulturhistorien og over 10 naturhistoriske gjenstandar, melder Statistisk sentralbyrå. (forskning.no/HØJ)

Powered by Labrador CMS