Eit nytt system skal gjere det enklare for studentar å melde frå om alvorlege hendingar, som mobbing og seksuell trakassering. Systemet gjeld ikkje for tilsette. (Foto: Marianne Røsvik/UiB)

Lettare å varsla for studentar ved Universitetet i Bergen

Eit nytt system skal gjera det enklare for studentar ved UiB å varsla om kritikkverdige hendingar. På UiO har systemet vorte nytta sidan 2013.

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

Bakgrunnen for innføring av systemet, som vert kalla Si fra, er eit ynskje frå Studentparlamentet om ei samla løysing der studentar enklare kan gje tilbakemeldingar til UiB. Systemet er utvikla ved Universitetet i Oslo, og har vore i bruk der sidan 2013. Ein rapport frå mars i fjor syner at ein stor del av både varslar og klager også vert rapportert inn ved hjelp av det nettbaserte systemet.

Grønt, gul og raudt

Systemet er alt på plass på universitetet sine nettsider. Det sorterer tilbakemeldingar i tre kategoriar – grønt, gult og raudt. I den grøne kategorien kan ein senda inn ros og positive tilbakemeldingar. I den gule kan ein levera klager knytt til problem ved det fysiske eller sosiale læringsmiljøet. Den raude kategorien er for alvorlege saker. Det kan til dømes handla om ureining, om forskningsjuks, og om korrupsjon, samt om mobbing, trugsmål og seksuell trakassering.

Sistnemnde kategori har sjølvsagt vore mykje omtala i det siste, i samband med #metoo-kampanjen. I november skreiv På Høyden at HR-avdelinga kjenner til elleve slike saker i perioden 2007 – 2016.

UiB-rektor Dag Rune Olsen uttrykte i den samband at han var uroleg for underrapportering.

– Den som vert utsett for seksuell trakassering kan vera uroleg for at det ikkje vert fulgt opp skikkeleg. Nokre kjenner også på skam over det som har skjedd. Og i nokre tilfelle kan rutinane våre for korleis ein varsla vera ukjende for folk.

– No som det er eitt system blir det enklare å få informasjonen ut til studentar, så ein kan få fleire tilbakemeldingar – på utfordringar og problem, men også positive ting, seier leiar i arbeidsutvalet ved Studentparlamentet, Håkon Randgaard Mikalsen til uib.no. Han meiner at det har vore eit problem at dei mange systema tidlegare har vore spreidde og lite kjende.

Ikkje anonymt

For å senda varsel må studentane logga seg inn. Meldingane går til sentraladministrasjonen på universitetet, som skal vurdera korleis meldinga vert handsama. Som hovudregel vil dei bli sendt vidare til det relevante fakultetet og instituttet.

I eit intervju med Bergens Tidende seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, at studentar som treng å vera heilt anonyme heller bør gå til studentombodet, men samstundes at anonymitet vil gjera det vanskelegare å følgja opp sakene.

Anna system for tilsette

I den nemnde rapporten frå Universitetet i Oslo om Si fra-systemet vart det peikt på at det framleis var lite kjend både blant studentar og tilsette, trass i både plakatkampanje og årlege e-postar til alle studentar. Hausten 2016 vart digitale innmeldingssystem knytt til arbeids- og læringsmiljø på UiO samordna til ei felles nettside for både studentar og tilsette: www.uio.no/si-fra/.

Ved Universitetet i Bergen har ein eit eige varslingssystem for tilsette, opplyser avdelingsdirektør Sonja Irene Dyrkorn ved HR-avdelinga.

Powered by Labrador CMS