Saken er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - Les mer
– For å klare seg i dagleglivet i Noreg er ein avhengig av å forstå ulike dialekter. Då er det avgjerande at deltakarane i norskopplæringa får hjelp med fleire variantar av språket, meiner forskar. Bildet viser lærar Jenny Juve Nansen som underviser innvandrarar på Rosenhof vaksenopplæringssenter i Oslo.

Forskar vil ha meir dialekt i norskopplæringa

Utlendingar som skal lære seg norsk, får ikkje opplæring i dialekter. Det er problematisk for integreringa, meiner forskar.

10.10 2017 05:00

– Deltakarar på norskkurs blir frustrerte over at språket dei lærer er annleis enn det dei møter i kvardagen. Norsk er jo ikkje berre ein ting, men mykje forskjellig, seier førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, Eldar Heide.

I Noreg er det stor språkleg variasjon, og både politikarar og kongelege snakkar dialekt. Dette er ganske unikt. I dei fleste andre land vi likar å samanlikne oss med, er det nemleg vanleg med eitt offisielt standardspråk. I Noreg har vi to skriftspråk, i tillegg til alle dei munnlege variantane.

– Det er ganske openbert at det blir tyngre å lære eit språk dersom det ein lærer i timane i liten grad kan brukast i lokalsamfunnet der ein bur, seier Heide.

Språkleg handikap

Språkforskaren har studert dei mest brukte lærebøkene i norskopplæringa, for å finne ut kva hjelp dei aspirerande norskbrukarane får på vegen når det gjeld dialektar og språkmangfald i Noreg. Svaret på dette spørsmålet kan verke som eit paradoks.

– Dialekter er via svært liten plass i faglitteraturen eg har undersøkt. Dette kan gi deltakarane i norskopplæringa eit handikap i språklæringa, seier han.

Heide meiner det er viktig at innvandrarar blir eksponert for språket slik det faktisk er. Slik situasjonen er i dag, vil ein deltakar i norskopplæringa fort kunne stå på bar bakke i sitt nye lokalsamfunn, fordi han eller ho ikkje får hjelp med det lokale talemålet.

– For å klare seg i dagleglivet i Noreg er ein avhengig av å forstå ulike dialekter. Då er det avgjerande at deltakarane i norskopplæringa får hjelp med fleire variantar av språket, seier Heide.

Dialekt er viktig for integrering

Eit viktig mål med norskopplæringa er integrering. Heide meiner det nettopp difor blir bakvend at dialekt får så liten plass i språkopplæringa.

– Forsking har vist at det vert oppfatta positivt av nordmenn når innvandrarar snakkar dialekt, og dermed kan det lette integreringa, seier han.

I ei undersøking av språkhaldningar i Oppdal svarte dei innfødde informantane at innvandrarar som snakka dialekt, vart oppfatta positivt. Ei anna undersøking frå Vinje viste at dialekt ikkje berre vart oppfatta positivt i lokalmiljøet, men òg andre stader, som til dømes på jobbintervju.

– Det å snakke dialekt vert sett på som truverdig, og at ein markerer avstand til dei som ikkje ønsker å integrere seg, seier Heide.

Bakvend opplæring

Ifølgje språkforskaren er det ein utbreidd praksis blant lærarar i norskopplæringa å snakke ein slags bokmålsnær standard. I tillegg er dei fleste lydprøvane som vert brukt i undervisninga snakka inn på standardisert austlandsk.

– Eg kjenner til nokre lærarar som snakkar lokal dialekt i undervisninga, men dei fleste unngår dette til fordel for ein bokmålsnær variant, særleg til å begynne med, seier han.

HVL-forskaren peikar på at det er brei einigheit om at språk bør øvast inn i autentiske situasjonar, men at dette i liten grad vert spegla av i norskopplæringa.

– Det er litt merkeleg at opplæringa legg så stor vekt på standardisert norsk, når det ofte ikkje er det innlærarane møter i dei autentiske situasjonane, seier han.

Store forskjellar

Eldar Heide etterlyser no større breidde i norskopplæringa og meiner dette kan bidra til at nye norskbrukarar blir raskare i stand til å kommunisere på norsk, og dermed òg blir betre integrerte.

– Det er viktig å ta for seg kva ting heiter på den lokale dialekta frå starten av og korleis dette skil seg frå det normerte språket, seier han.

Han meiner at kompetansemåla i læreplanane om dialekt og språkleg mangfald treng å gjenspeglast mykje tydelegare i læreverka som blir nytta i norskopplæringa og ikkje gøymast bort som valfrie delar i undervisningsopplegget.

Referanse:

Heide, E.: Det norske språkmangfaldet og opplæringa i norsk som andrespråkNorsklæraren. (2017).

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse