Radioaktivt fôr gjer svar om jod i mjølka

Fôr med rapsolje gjer mindre av det viktige mineralet jod i mjølka. Forskarar nyttar radioaktivitet for å finne ut kvifor.

Fakta om forskningsprosjektet

Forskingsprosjektet ved NMBU vart utført av stoffskifteavdelinga ved Institutt for husdyrfag og akvakultur. Sjølve forsøket vart utført på Ås gard.

Over 20 menneske, alt frå stipendiatar til professorar deltok. Dei gjorde alt frå å skyfla møkk laurdagsmorgon etter julebordet til å kvalitetssikra prøveuttak.

Prosjektleiar: Professor Egil Prestløkken.

Kateterinnsetjar: Veterinær Knut Hove.

Doseansvarleg: Overingeniør Marit Pettersen.

Mjølk og mjølkeprodukt gjer omtrent halvparten av all jod vi menneska treng i løpet av dagen. Difor tilset mjølkebøndene dette viktige mineralet i fôret til kyrne.

Men etter bøndene gjekk over til rapsolje som fôr i staden for soya, hamnar mindre av jodet i mjølka. Difor undersøker forskarar ved Noregs miljø- og vitskaplege universitet (NMBU) kva som skjer med jodet etter det vert eten av kyrne. Det krev hyppige prøveuttak.

– Det er nok første gong det er tal på opptak av jod allereie etter fem minutt, så kvart kvarter, seier forskar Anicke Brandt-Kjelsen ved NMBU.

For å få til desse målingane måtte forskarane nytte radioaktivt jod. Da kunne dei nemleg følgje stoffet gjennom kroppen til kyrne.

Tre personar per ku

Kyrne fekk ei dose med radioaktivt jod i vena. Så tok forskarane hyppige prøver av blod, urin, spytt, saft frå vomma, mjølk og gjødsel i fire dagar.

Prøvane blei tatt gjennom eit hål i vomma og gjennom kateter for blod og urin, som veterinærane hadde sette inn på kyrne. Slik fekk forskarane til mange og tette prøvetakingar.

Men å jobbe med radioaktivitet kravde enorme mengder av resursar og menneske.

I dei mest intense periodane var det tre personar per ku. Tryggleiken kring handtering av radioaktiviteten var sentral.

Målar gammastrålar

Anicke Brandt-Kjelsen. (Foto: NMBU)

Forskarane nytta ei radioaktiv form for jod, kalla jod-131, som òg vert bruka på sjukehus i dag. Denne typen jod er ustabil, som gjer at det sender ut gammastrålar.

Ved å nytta ein gammastrålemålar kunne forskarane difor måla innhaldet av jod i prøvene frå kyrne direkte – utan å behandla dei på noko vis.

– På det viset slepp vi unødig påverking av prøvene. Vi sparar mykje tid, seier ein nøgd Brandt-Kjelsen.

Ho forklarar at det radioaktive jodet har dei same eigenskapane som vanleg stabilt jod, som kyrne får i fôret.

På denne måten kunne dei måle kor raskt jod vert teken opp i kyrne og kor raskt dei dannar om og skil ut stoffet.

Jod i urin og avføring

Tala frå målingane viste at kyr som hadde ete soya, fekk høgare innhald av jod i mjølka i lengre tid enn dei som hadde ete raps. Dette stemmer med erfaringane med rapsolje som fôr.

Men bortsett frå i mjølk var det ingen forskjell mellom kyrne som hadde ete soya og dei som hadde ete rapsolje. Jodet dukka opp like raskt og i like store mengder i blodet, urinen, spyttet, saft frå vomma og avføringa.

Dette tyder på at kyrne som hadde ete rapsolje, ikkje tok opp like mykje jod i mjølka, men skilte det ut i urin og avføring i staden for.

Desse prøvene gjer det mogleg å berekna kor raskt jod vert teke opp til ulike organ og så vorta skilt ut igjen.

– Vi kunne sjå at jod gjekk rett i urinen frå blod, innan dei fem første minutta. Den høgaste konsentrasjonen av jod i gjødsel såg vi først etter 24 timar, seier Brandt-Kjelsen.

Forskarane har testa ulike stoff som inneheld jod for å sjå om dei kan forstå dei biologiske mekanismane betre. Dei er enda i startfasen med å forstå kva som skjer.

Same mekanisme hos menneska

Brandt-Kjelsen fortel at det kan vere stoff i rapsolje som hemmar opptak av jod til mjølka i kyrne.

Menneske har også same problem som kua har med rapsolje.

– Vi menneske et òg mykje mat som inneheld komponentar som hemmar opptak av jod, såkalla goitrogenestoff. Brokkoli er ein av desse matvarene som menneska et og som vil kunne redusera opptak av jod.

Stoff som hemmar opptak av jod, finn ein i ein del vanleg mat som for friske menneske vert rekna som veldig sunn. Men det finst ikkje haldepunkt for at eit stort inntak av desse matvarene over tid kan føra til sjukdom hos friske menneske.

Generelt er det også for lite av desse matvarene i norsk kosthald til at det har noko reell betydning for opptaket av jod hos menneska.

Powered by Labrador CMS