Saken er produsert og finansiert av NMBU - Norges miljø- og biovitenskapelige universitet - Les mer
Endra matvanar og mindre inntak av mjølk og meieriprodukt har resultert i at det norske folk har fått i seg betydeleg mindre jod dei siste ti – femten åra. Kva har dette med kuas mat å gjere?

Kva skjer når kua spiser raps i staden for soya?

Forskarar er på sporet av kva som skjer med jod i mjølka når kua får raps frå europeisk biodieselproduksjon i staden for soya. 

5.4 2017 04:00

Naturgjevne føresetnadar her i landet gir oss i utgangspunktet eit jordsmonn som inneheld lite jod. Fram til femtitalet var jodmangel vanleg i mest heile verda.

I 1934 i innlandet i Noreg hadde nærare 80 prosent av folket struma før dei tok til å sette ekstra jod i fôret til kyrne som eit tiltak på 1950-talet. Med å supplera har jodmangelen vore meir eller mindre borte i industriland.

Men i dag ser ein igjen at problemet med aukande låge nivå av jod hos befolkninga. Nyare målingar har vist at innhaldet av jod i vintermjølka vart halvert i perioden 2000 til 2008. Dette gav helsemyndigheitene grunnlag for bekymring da mjølk er sett på som ei av dei viktigaste kjeldene til jod i Noreg.

Meieriprodukt viktig

Mjølk og mjølkeprodukt gjer omtrent halvparten av all jod vi menneska treng i løpet av dagen. Resten får vi gjennom mat frå havet, mellom anna frå torsk, tang og tare. 

Sjølv om dei fleste av oss her til lands, på trass i kostendringane, får i oss nok jod, er ungdom som ikkje et og drikk meierivarer i risikosona. Det er også vanskeleg å oppdaga om menneske får for lite mengder med jod etter gjeldande tilrådingar.

Men la oss halda oss til kua ei stund til.

Jordsmonnet i Noreg inneheld altså lite av nokre essensielle grunnstoff, mellom anna jod. Derfor finn vi att lite jod i plantene her til lands.

Det har vi visst lenge og difor supplert med kraftfôr som har vorte tilset jod og anna. Men så kjem kunnskapane, politikken, «det grøne skifte» og bioøkonomien inn.

Fôrregimet med soya her til lands har sørga for mjølk rik på jod. Legg bøndene om til rapsfôr frå biodieselproduksjon går mykje jod tapt.

– Vi ønskjer å bruka råvarer frå Noreg, og vi ønskjer å bruka restprodukt frå biodieselproduksjon og med det sleppa å importera frå andre land. Viktig både for helsa åt folk og for ein klimagevinst, seier forskar Anicke Brandt-Kjelsen ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

– Og ikkje minst, dyrefôret i Noreg skal ikkje tevla med soya som viktig matkjelde for menneske i andre land og verdsdelar.

To eller åtte glas med mjølk

– Viss forbrukaren skal få i seg nok jod, via meierivarer – kor mykje ost og andre meieriprodukt må ho ideelt sett få i seg på dagleg basis?

– Med soya treng du to og med raps treng du åtte glas mjølk for å få ønska opptak av jod på 150 mikrogram. I grove trekk kjem det jo heilt an på inntaket av jod åt kua.

Forskarane er ikkje sikre, men ein hypotese er at rapsen inneheld stoffet glykosinolat, som hindrar opptak av jod til juret.


Slik tek dei mageprøvar frå såkalla fistelku. Desse kyrne har eit hol i vomma som er stort nok til å stikke handa inn i. Hòlet gjer forskarar og studentar ei unik moglegheit til å studere kva som foregår inne i kua. (Foto: Janne Brodin)

Hemmar opptak

Sluttmålet er å få nok jod over i mjølka, ifølgje Brandt-Kjelsen, sjølv om vi brukar raps i fôret.

– Skjønar vi mekanismane, og forsøka våre svarar ikkje på det i dag, men vi er kanskje der at vi kan byggja vidare på det vi har forska fram. Det er jo det vi vil få til: ønska jodnivå i mjølka når kua vert fôra på raps. Norsk raps.

– Kva fann de ut, og som de ikkje trudde de skulle finna ut?

– Vi er på eit tidleg stadium, det vi kan sjå er at det er forskjell på kva for former av jod ein finn att i mjølka. Avhengig av om dei har fått raps eller soya i dietten sin. Og det er her eg trur vi kan finna ein link til mekanismen.

– Det eine veit vi kva er, det er jodid. Ved låge konsentrasjonar av jod i fôret vil  90 prosent av jodet vera som jodid i mjølka når kua har fått raps. Men det er ikkje tilfellet for soyaen, da er det 60 prosent som ligg føre som ei ukjent organisk jodforbinding i mjølka. No arbeider eg med å setja opp ein modell for å få stadfesta resultata. Både fordi dei er annleis enn det vi trudde og fordi eg trur vi her er nær å få nokre svar, seier Brandt-Kjelsen. 

Moglege tiltak

Ettersom raps reduserer overføringa av jod til mjølk, har konsentrasjonen av jod tilsett til kraftfôret vorte auka frå to til mellom tre og fem milligram per kilo. Denne auken gjer at mjølka enno inneheld omtrent same jodkonsentrasjon som når kyrne berre fekk soya.

Viss vi ikkje skal eta tablettar her til lands, må vi oppretthalda meierivarer med god jodkonsentrasjon eller endra jodkonsentrasjonen i salt, seier Brandt-Kjelsen. Og det er akkurat det Rådet for ernæring har komme med forslag om.

Fekk ein kua til å eta tang og tare kunne det verta ei kjelde til jod. 


Anicke Brandt-Kjelsen. (Foto: NMBU)

– Tang og tare er akkumulatorar for mykje anna. Eg ser iallfall for meg ulike reinseprosessar slik at vi i det heile kan nytta oss av dette til fôring av kyr eller til mat for menneske for den saka si skuld. Greier vi å nyttiggjera oss marinressursar, kan vi sjå for oss i framtida at vi kan sleppa å tilføra jod i fôret, seier forskar Brandt-Kjelsen.

Observerer vomma

Restprodukta etter rapsen er bra. For kua og for oss. Men berre til ein viss grad. Forskarane fôrar kyrne med raps og observerer det som skjer i vomma, nedbrytinga av fôret og korleis det påverkar innhaldet av jod i mjølka.

– ­Input og output stemmer ikkje, seier Anicke Brandt-Kjelsen. Vi kan ikkje heilt forklara korfor, men ein hypotese er at nedbrytingsprodukt av glukosinolat frå rapsen hindrar opptak av jod til juret og dermed overføringa til mjølka.

Ifølgje stipendiat Trøan skjer dette truleg ved mykje lågare nivå av glukosinolatar enn det som forskarane tidlegare har meint. Opptaket frå vomma til blodplasma ser ut til å vera likt.

Soya og raps

Forskarane ser òg at det er ei mekanismeforskyving når dei ser på overgangen frå blod til urin, og blod til mjølk er forskjellig når kyrne får dei forskjellige fôrtypane. Det vil seia overgangen frå blod til mjølk er lågare ved raps og høgare til urin. Motsett ved soya.


Stipendiat Gisken Trøan ved NMBU. (Foto: Benjamin A. Ward)

Det kan vera med å forklara korfor ein del forsøk ikkje har fått høgare blodplasmaverdiar av jod, men det er fordi det går ut i urinen og gjødsla i staden. Talmaterialet stadfestar hypotesen.

– Vi har lurt på kor det vart av jodet? Stas å sjå at det faktisk ende opp i urinen. Vi fann òg at ein betydeleg del av jodet gjekk ut i gjødsla. At vi kunne observera at det var nett det som skjedde. Og da har vi ikkje bruk for det, seier forskaren.

Og med tanke på dei siste funna: At store delar av jodet går ut i urin og gjødsel, spyler vi jo store delar av det fine jodet rett ut igjen.

Denne urinen og gjødsla, rik på jod som han er, kunne eventuelt brukast som gjødsel. Det skjer allereie i dag, men jodopptaket frå jord til planter er lågt.

– Vi er heilt avhengige av å få det over i mjølka igjen, seier Brandt-Kjelsen.

Matematisk modell

EFSA, eller European Food Safeety Authority, har komme med nye tilrådingar om lågare jodkonsentrasjonar i fôret. Stipendiat Trøan har med ein matematiske modell gjeve bonden eit verktøy til presist å berekna kor mykje jod ho skal tilføra dei ulike rapskonsentrasjonane, slik at mjølka til slutt inneheld ønska mengde jod.  

Høgare jodkonsentrasjonar bør berre brukast når det er goitrogene forbindingar/raps/gluksoinolatar i fôrblandinga. Er det berre soya, vil høge konsentrasjonar av jod i fôret derimot kunne resultera i jodforgiftning.

Ute i Europa kor det meste av saltet er tilsett forholdsvis store mengder jod, vil barn som drikk mykje mjølk vera i risikosona for å få i seg for mykje jod.

Referanse:

Gisken Trøan: Effects of feeding rapeseed product differing in glucosinolate concentration on iodine concentration in cow milk. Doktorgradsavhandling ved NMBU. 2017. ISBN 978-82-575-1423-5

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse