Ei undersøking viser at sjukepleiarar ofte må prioritere bort ernæring og tannpleie hos eldre fordi dei ikkje har nok tid til overs. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Mål- og resultatstyring i sjukepleia går på omsorga laus

– Når folk jobbar under sterkt press, så vil det som ikkje blir registrert eller målt, bli nedprioritert. Og det første som ryk då, er tida til aktivitetar, prat, avislesing, turgåing – dei tinga som gir dagane meining, seier forskar. 

Ein erfaren sjukepleiar er på veg heim etter kveldsvakta si på sjukehuset. Ho har jobba hardt, gjort alt ho kunne, knapt teke seg tid til ein pause – likevel har ho ei dårleg kjensle i magen. Har ho verkeleg gjort jobben sin i dag? Ho er usikker. Ingen kan ta henne på noko, for medisinane er delte ut og kryssa av for. Alt det der er i orden. Men for henne er det ikkje nok. Og mest truleg, heller ikkje for pasienten:

Det er klart da går du kanskje hjem den kvelden og tenker at det var ikke god sykepleie. Du glemte kanskje serveringen på isolasjonsrom, du glemte å hente den puta som du lovte. Du får gitt kanskje akkurat den viktige medisinen som skulle vært gitt og ikke noe mer.

Sitatet er frå eit djupneintervju i ein nyleg publisert forskingsartikkel. 

Mennesket bak diagnosen

Lars Kyte (t.v.) og Ole Kleiven er to av forskarane bak undersøkinga. (Foto: Hans Jakob Reite/Høgskulen på Vestlandet)

Ikkje sjukdommen i seg sjølv, men omsorga for det sjuke mennesket: Slik definerte pioneren Florence Nightingale essensen av god sjukepleie.

Og slik tenkjer sjukepleiarar enno om faget sitt – det går klart fram av djupneintervjua gjennomført av dei tre forskarane bak artikkelen Sykepleieverdier under press? Ole T. Kleiven og Lars Kyte frå Høgskulen på Vestlandet og Kari Kvigne frå Høgskolen i Innlandet. Dei har kikka nærmare på kva som skjer med yrkesidentiteten når rammevilkåra på arbeidsplassen endrar seg.

Hovudfunnet deira er at dei tradisjonelle verdiane i yrket framleis er intakte, men at nye måtar å organisere arbeidet på gjer at desse verdiane har komme under sterkt press.

Forskarane ser ein klar samanheng med innføringa av New Public Management som styringsreiskap i helsevesenet. NPM baserer seg på måling og rapportering og fører til at sjukepleiarane må prioritere det dei blir målte og kontrollerte på. Dermed flyttar fokuset seg vekk frå pasienten til oppgåvene. I økonomisk tankegang kan dette vere eit rasjonelt skifte, men frå sjukepleiaren sin ståstad er det noko grunnleggande som går tapt:

Noen ganger føler jeg at vi blir veldig oppgavesentrerte, at vi er litt autopiloter. Så for meg er god sykepleie det å møte et menneske med gode holdninger, folkeskikk og faktisk se personen bak diagnosen.

Eit tap av meining

Kari Kvigne har også bidratt i undersøkinga. (Foto: Høgskulen i Innlandet)

Gjennom intervju med 12 erfarne sjukepleiarar frå to stader i landet – nokre med erfaring frå sjukeheimar, andre frå sjukehus – har forskarane utforska sjukepleiarrolla og korleis ho er i endring. Sitata i intervjua rommar mykje stoltheit – ei forteljing om yrkesutøvarar som legg sterk vekt på å vere medmenneske, først og fremst. Dei har vore i yrket mellom 8 og 34 år, og dei føler sjølv ein fagleg tryggleik og integritet.

Mens desse sjukepleiarane som nyutdanna måtte bruke mykje energi og tid på å handtere dei tekniske sidene av rolla si, opplevde dei etter ein del år i yrket å kunne dreie fokuset meir mot det å gje omsorg og dyrke relasjonen til pasienten. Og dette oppfatta dei som det mest sentrale ved å vere sjukepleiar – det var når dei klarte det at dei følte dei verkeleg gjorde ein god jobb.

Men i tillegg til stoltheita og den faglege tryggleiken er dette også ei forteljing om smerte. Smerta ved å sjå behov som ikkje blir dekte – og smerta ved ikkje å kunne fylle den rolla som du ønskjer å fylle, gi alt det du gjerne vil gi, på grunn av tidspress. Særleg var dette tydeleg blant dei som jobba på sjukeheimar:

Det dreier seg jo ikke bare om å stelle personer og se at de har tatt medisin og så videre. Det er også kanskje å gå turer med dem eller gjøre noen ting, ikke at de bare sitter i stua og venter på at det skal bli middagsmat.

– Når folk jobbar under sterkt press, så vil det som ikkje blir registrert eller målt, bli nedprioritert. Og det første som ryk då, er det psykososiale: Tida til aktivitetar, prat, avislesing, turgåing – dei tinga som gir dagane meining, seier Lars Kyte.

– Bildet av personen som berre sit i stova og ventar på middag, utan noko anna å gjere, er uendeleg trist. Når tanken ikkje blir stimulert, forfell du raskt mentalt.

Helsefarlege prioriteringar

Både i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta rapporterte sjukepleiarane om ein svært travel kvardag, og mange hadde opplevd nedskjeringar. Då får dei ytre rammene stor innverknad på kva som faktisk blir gjort. Administrative oppgåver, rapportering og medikamenthandtering er slikt som då kjem høgt opp på lista, sidan sjukepleiarar blir målte på dette. Dei blir orienterte mot produksjon heller enn mot mjukare verdiar.

Då forskarane tok ein kikk på kva slags oppgåver som fall vekk når sjukepleiarar hadde det travelt, oppdaga dei dessutan at også grunnleggande pleieoppgåver risikerte å bli nedprioriterte. Dette uroa dei sterkt. Ernæring var eitt av punkta som kunne få for lite oppfølging. Ein av sjukepleiarane i studien fortalde om eksempel der dei ikkje tilbaud pasientar med nedsett matlyst og dårleg ernæring ekstra måltid – fordi dei ikkje hadde tid til det. Ein annan trekte fram at pasientar som brukte lang tid på å ete, ikkje alltid fekk tilbod om meir mat, fordi pleiarane ikkje hadde tid til å følgje det opp.

– Studiar viser at mellom ti og seksti prosent av pasientar i sjukehus og sjukeheimar er underernærte, noko som reduserer motstanden mot infeksjonar og reduserer livskvaliteten. Dermed er ei slik nedprioritering direkte helsefarleg, seier Kleiven.

Ei anna grunnleggande pleieoppgåve som typisk fekk for lite merksemd, var tannstell. Også slik forsømming kan sette liv og helse på spel – infeksjonar som følgje av dårleg tannpleie er ein gjengangar i helsevesenet. Eitt av ti dødsfall av lungebetennelse kunne vore hindra gjennom betre tannstell. Likevel stod det ofte lågt på prioriteringslista – fordi det ikkje blei målt:

Hvis vi ser at det ser riktig ille ut, så får de litt munnstell, men hvis det ikke er altfor ille, så er det slett ikke sikkert at de får mer enn kanskje pusse gebisset. For ikke å snakke om de som har egne, kanskje dårlige tenner, som burde hatt tannpuss og stell med tannstikke og tanntråd, så kan jeg vel si at det knapt nok skjer.

Dele jobben opp i småbitar

Dei siste tiåra har helsevesenet i Noreg og mange andre land gjennomgått store endringar på fleire felt. I dei fleste OECD-landa auka prosentdelen av bruttonasjonalproduktet (BNP) som blei brukt på helsetenester fram til 2009. Årsakene til dette er mange – levealderen i befolkninga har auka, dermed er det også ein auke i kronisk sjukdom og livsstilrelaterte lidingar. Den teknologiske utviklinga har dessutan ført til mange fleire muligheiter innanfor diagnostikk og behandling.

Alt dette har ført til ein dramatisk vekst i helseutgifter.

New Public Management har blitt innført for å få bukt med utgiftene, ved å auke produktiviteten og effektiviteten. Resultat blir målte og rapporterte og dannar grunnlag for løns- og straffesystem. Dette fører til mindre fagleg sjølvstende – sjukepleiarane blir meir målstyrte og har mindre rom for sjølve å prioritere i kvardagen sin og utøve fagleg skjønn. Å skulle få meir ut av kvar helsekrone, er eit bra mål i seg sjølv, men effekten det har på arbeidskvardagen er problematisk, meiner Kleiven:

– Økonomiske styringssystem fungerer slik at du deler ting opp i småbitar som kan bli målt. Problemet er at viktige sider ved sjukepleia ikkje lèt seg måle eller effektivisere – til dømes relasjonen med pasienten.

Han meiner ikkje at vi av den grunn skal kaste alt som heiter måling og rapportering på båten.

– Helse er eit botnlaust sluk, så du må ha system for å styre pengebruken. Akkurat det kjem vi ikkje vekk ifrå. Men det vi tilrår, er at omsorgsperspektiva kjem mykje sterkare inn i styringsmodellane, seier Kleiven.

– Eg trur vi måler for mykje. Vi må stole meir på dei som kan denne jobben, og som går inn for å sjå heilskapen – ikkje berre bitane, seier Kyte.

Referanse:

Kleiven, O.T., Kyte, L. og Kvigne, K.: Sykepleierverdier under press? Nordisk sygepleierforskning 04/2016, ss. 311 - 326. DOI: 10.18261/issn.1892-2686-2016-04-03 (Sammendrag)

Powered by Labrador CMS