Norsk villaks har meir miljøgifter i seg enn oppdrettslaks. Det skyldes maten dei et, seier forskar. (Illustrasjonsfoto: Eivind Senneset/NIFES)

Meir miljøgifter i villaks enn i oppdrettslaks

Dette er den første store studien som samanliknar den laksearten vi har i norsk natur med norsk oppdrettslaks.

Fakta frå studien

Mindre av desse miljøgiftene i oppdrettslaks enn i villaks:

  • dioksinar
  • PCB
  • bromerte flammehemmarar
  • sprøytemiddel DDT, toksafen, dieldrin, lindan, klordan, heksaklorbenzen og Mirex

Meir av desse næringsstoffa i villaks enn i oppdrettslaks:

  • selen
  • kopar
  • sink
  • jern
  • gunstigast omega- samansetning

Samanliknbare nivå av desse miljøgiftene i oppdrettslaks og villaks

  • kadmium
  • bly
  • sprøytemiddel endosulfan og pentaklorbenzen

Lakseartar

  • I Noreg er både villaks og oppdrettslaks av arten atlantisk laks (Salmo salar)
  • I 2004- studien var villaksen av arten stillehavslaks (Oncorhynchus) som har lavare naturleg feittprosent

– Ein har trudd at det er meir miljøgifter i oppdrettslaks enn i villaks, men no viser det seg at det er feil. Det seier Anne-Katrine Lundebye, seniorforskar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning, (NIFES).

Lundebye har leidd eit stort forskingsprosjekt der ein samanliknar norsk villaks med norsk oppdrettslaks, og forskarane har studert både skilnader i miljøgifter og i næringsstoff mellom dei to. Studien viser at oppdrettslaksen har lågare nivå av miljøgifter enn villaks. Dette gjeld mellom anna dioksin, PCB, bromerte flammehemmarar og dei fleste sprøytemiddel. Lundebye forklarar skilnaden med kva fisken får i seg.

– Fisken speglar det han et, både når det gjeld miljøgifter og næringsstoff. Dette kan vi kontrollere i oppdrettsfisk, men i naturen varierer det kva fisken får å ete, seier Lundebye.

Utviklinga av fiskefôr er ein av grunnane til det relativt låge nivået av organiske miljøgifter i oppdrettslaks. Fiskeforet inneheld i dag mindre fiskeolje enn tidlegare, og det var nettopp fiskeoljen som var kjelda til mange av dei uønska stoffa i foret.

Likevel låge nivå av miljøgifter

Samtidig viser resultata at sjølv om villaksen har høgast nivå av organiske miljøgifter, så har både villaksen og oppdrettslaksen generelt låge verdiar av miljøgifter. Verdiane er hos begge langt under grenseverdien for dei stoffa det er sett grense for. Forskingsarbeidet viser vidare at villaksen har meir av næringsstoffa jern, kopar, sink og selen, og det er eit gunstigare forhold mellom omega-3 og omega-6 i villaks enn i oppdrettslaks.

– Ein får framleis god effekt av omega-3 i oppdrettslaks sjølv om det er ein lågare omega-3 til omega-6 ratio i denne fisken, seier Lundebye.

Sjølv om det er ulike funn av næringsstoff og miljøgifter i oppdrettslaks og villaks i Noreg, så nøler ikkje Lundebye med å anbefale begge typane laks på middagsbordet.

– Forbrukarane må ikkje bekymre seg, for begge to er ei god kjelde til omega-3-feittsyrer, og dei har ikkje urovekkande nivå av miljøgifter. Vi kan trygt seie at begge to er sunne, seier ho.

Fanga i havet i Nord-Noreg

Den nye norske studien er svært omfattande, med 100 individ av villfanga laks og 100 individ av oppdrettslaks. Dette gir svært pålitelege resultat. Villaksen er fanga i havet i Nord-Noreg, men Lundebye reknar ikkje med at dei ville fått andre resultat om fisken vart fanga andre stader i landet.

– I og med at han vandrar og ikkje er stadbotn, så vil sannsynlegvis ikkje fangsstaden ha noko å seie, fortel ho.

– Vi veit at laks frå alle område av Noreg brukar Norskehavet som oppvekstområde og til dels også Barentshavet. Andre studiar viser at laks som er fiska ein stad, har opphalde seg heilt andre stader i havet tidlegare, men vi veit ikkje nøyaktig kvar fisken i vår studie har vore tidlegare i livet. Grunnen til at vi berre har laks frå Nord-Noreg med i denne studien er at det meste av sjølaksefisket skjer der, seier Lundebye.

Strir mot tidlegare forsking

Den siste store studien som vart gjort på dette feltet, var ein amerikansk studie som vart publisert i tidsskriftet Science i 2004. Denne studien kom til motsett konklusjon av den ferske NIFES- studien, og det blir ofte referert til denne i den offentlege debatten.

Lundebye er skeptisk til resultata frå 2004-studien, for der samanlikna ein to ulike lakseartar. I den amerikanske studien var villaksen av typen stillehavslaks, medan oppdrettslaksen var av arten atlanterhavslaks. Dei to artane har ulikt feittinnhald og difor er det problematisk å samanlikne dei, forklarer Lundebye.

– Ein har samanlikna eple med pærer. Det nyttar ikkje å samanlikne vill stillehavslaks med oppdretta atlanterhavslaks, for feittprosenten er jo heilt ulik i dei to artane. I og med at atlanterhavslaksen har meir feitt i seg, vil han naturleg nok ha høgare nivå av feittløyselege organiske miljøgifter enn stillehavslaks, anten han er vill eller frå oppdrett.

Referanse:

Lundebye, A.K.: «Lower levels of Persistent Organic Pollutants, metals and the marine omega-3-fatty acid DHA in farmed compared to wild Atlantic salmon (Salmo salar)» Environmental Research (2017) (Sammendrag.)

Powered by Labrador CMS