I ein ny studie fann forskar fleire døme på såkalla unilaterale vennskap, der berre den eine parten reknar den andre som venn. Barna med store språkvanskar rekna medelevar som venner utan at vennskapen var gjensidig. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Elevar som slit med talespråk blir marginaliserte på skulen

– Dei blir ekskluderte frå ordinær opplæring, og dei sosiale relasjonane til elevar i den ordinære klassen blir i praksis ikkje lagt vekt på, seier forskar.

Jørn Østvik har dei siste åra forska på vennskap blant elevar som har ei avgrensa evne til å kommunisere med talespråk. Dette er fordi dei til dømes har store funksjonsnedsettingar eller motoriske vanskar. Dei nyttar andre måtar å uttrykke seg på, som til dømes kroppsspråk, grafiske symbol, augestyrte peiketavler eller talemaskin.

– Elevane eg har forska på blir alle marginaliserte i den norske, offentlege skolen. Dei blir ekskluderte frå ordinær opplæring, og dei sosiale relasjonane til elevar i den ordinære klassen blir i praksis ikkje lagt vekt på, seier Jørn Østvik, seniorrådgjevar i Statped.

I haust disputerer han ved Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie ved NTNU, som han har vore knytt til dei siste åra.

Østvik har observert og intervjua sju elevar frå 1. til 4. trinn som nyttar alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Elevane går på seks skolar i ulike delar av landet. I tillegg har forskaren intervjua ti medelevar, seks foreldre og 18 tilsette ved skolane. Resultata er rapportert i fem artiklar.

Ikkje forska på

Jørn Østvik er seniorrådgjevar i Statped. (Foto: Statped)

Vennskap blir rekna som svært viktig for sosial og kognitiv utvikling. Det finst likevel lite forsking om vennskap hos barn med nedsett funksjonsevne. Østvik har undersøkt korleis vennskap oppstår hos barn som nyttar ASK, kva som må til for at det skal skje og kva barna sjølve tenker om vennskap.

Han spurte ASK-brukarane og medelevar om kven dei rekna som venner. Tilsette ved skolane og foreldra blei også spurte. Barna gav då uttrykk for å ha færre venner enn det tilsette og foreldre uttrykte. Dei hadde også til dels andre ønske om kven dei ville ha som venner og kva aktivitetar dei ville gjere enn det omgjevnadene trudde.

– Dei fleste ASK-brukarane i denne studien har preferansar for elevane i den vanlege klassen, men har få sosiale møteplassar fordi dei er marginaliserte på skolen, seier Østvik.

Han peiker på at barn med nedsett funksjonsevne ofte ikkje er representerte som deltakarar i studiar som handlar om dei. Mange forskarar utforskar perspektiva til dei vaksne, utan at barna får formidle om viktige perspektiv i liva sine.  

– Då mister vi sjansen til å høyre og forstå kva som er viktig for barna, seier Østvik.

Ikkje rekna som venn

Vennskap blir gjerne definert som ein gjensidig relasjon, der to partar er einige om å vere venner. Østvik fann døme på slike gjensidige vennskap der barna som sleit med talespråk og medelevar omtalte kvarandre som venner.

– Elevane utan funksjonsnedsettingar oppfatta ASK-brukarane som interessante menneske. Medelevane la vekt på dei personlege eigenskapane deira, seier Østvik.

Likevel fann forskaren fleire døme på såkalla unilaterale vennskap, der berre den eine parten reknar den andre som venn. ASK-brukarane rekna medelevar som venner utan at vennskapen var gjensidig. Samstundes rapporterte fleire medelevar vennerelasjonar som ikkje vart bekrefta av elevar som nytta ASK. Han fann også to medelevar som omtalte ein ASK-brukar som sin beste venn på skolen. Østvik tenker at det er viktig å anerkjenne unilaterale vennskap.

– Vi må vakte oss vel for å ta frå andre menneske opplevinga av å ha ein venn, seier Østvik.

Ikkje med i friminutta

Østvik er ikkje imponert over organiseringa ved skolane og meiner dei må legge betre til rette for at barn som slit med talespråk utviklar vennskap med andre. Det handlar både om korleis kvardagen er organisert og om å setje sosiale mål for barna.

Østvik fann at desse elevane var mykje for seg sjølve. Over halve tida var dei i spesialavdelingar eller i individuelle aktivitetar med ein vaksen. Då blei tida til dømes brukt til spesialundervisning, tilpassa måltid, trening, kvile eller personleg hygiene.

Elevane blei skildra som besøkande når dei var i ordinære klassar og var i praksis ikkje fullverdige medlemar. Dei var også mykje mindre ute i friminutta. Eit av barna var berre ute ein gong om dagen, nokre dagar i veka. Eit anna barn var meir sporadisk ute. Dette hadde ulike orsakar. Nokre av dei var at dei individuelle aktivitetane fann stad i tidspunkt for friminutta, at det tok lang tid å kle på barna eller at nokre elevar ikkje ønskte å gå ut.

– Når kvardagen er organisert slik, får ikkje elevane tilgang til dei sosiale møtepunkta. Barn mister til dømes mange høve til leik om dei ikkje tek del i friminutta, seier Østvik.

Som rådgjevar i Statped har han meir enn 20 års erfaring med å rettleie skolar i korleis dei kan legge til rette for elevar med særskilde behov på ein inkluderande måte. Han trur mykje kan gjerast annleis, men haldningar og kunnskap er viktig.

– Alle dei sju elevane kan i mykje større grad delta i ordinær klasse viss skolane ønsker å legge til rette for det, hevdar Østvik.

Ikkje behova til elevane som ligg til grunn

Dei tilsette hadde ei brei oppfatning om at elevane måtte vere ute av klassen for at behova deira skulle bli tatt vare på. Dette på trass av at dei meinte det var viktig å inkludere elevane i den ordinære klassen. Berre to av 18 tilsette som blei intervjua, var kritiske til å ekskludere elevar frå det ordinære tilbodet.

– Det er nok ikkje behova til elevane som ligg til grunn for marginaliseringa. Dette er dei vaksne sin måte å handtere situasjonen på. Det er lettare å ta elevane ut av ordinær klasse, seier Østvik.

Elevane gav sjølve uttrykk for å føle tilhøyre til den vanlege klassen. Fleirtalet sa at dei fleste vennene deira gjekk i den ordinære klassen og ikkje i spesialklassen, sjølv om dei var i spesialklassar meir enn halvparten av tida.

– Ta ansvar for det sosiale

Det blir ikkje satsa strategisk og målretta på sosiale relasjonar blant desse elevane, ifølge Østvik. Han etterlyser både mål for sosial utvikling og ein plan for korleis skolane kan støtte ho.

– Vi kan ikkje bestemme kva for ei sosial utvikling barna skal ha, men vi må sette dei i posisjon til å utvikle seg, seier Østvik og held fram:

– Det handlar mykje om å legge til rette dei sosiale strukturane rundt barnet. Barna må til dømes ha tilgang til dei sosiale arenaene i klasserommet og i friminutta.

Foreldra som blei intervjua stadfesta at sosiale relasjonar i liten grad var eit tema i dialogen med skolane. Det praktiske og pedagogiske tar mykje tid og blir prioritert.

– Foreldra er svært opptatt av det sosiale og blei veldig rørte når vi snakka om det, men dei har ein krevjande kvardag. Difor er det viktig at skolane tar eit særleg ansvar for det sosiale og eit større tak for å betre premissane for at elevane skal utvikle sosiale relasjonar på skolen, seier Østvik.

Lav formell kompetanse

Østvik fann at få lærarar har formell kompetanse på alternativ og supplerande kommunikasjon. Berre to av 18 i studien hadde utdanning i ASK, men dei fleste ønskte meir kompetanse. Østvik meiner formell kompetanse må vere eit krav.

– Kommunikasjon og å legge til rette for kommunikasjon er naudsynt for å få relasjonar til medelevar. Formell kompetanse er viktig for at elevane ikkje skal bli skadelidande, men få eit optimalt fagleg og sosialt utbytte, seier Østvik.

Likte leik best

Elevane som nytta ASK viste klare preferansar for kven dei likte å vere med og kva slags aktivitetar dei likte best på skolen. Leiken ble særleg trekt fram, både som den føretrekte aktiviteten og som ein viktig strategi for å få venner. Dette betyr at elevane var aktive agentar i eigne liv.

– Dette må både forskarar og fagfolk i praksisfeltet ta på alvor. Resultata viser også verdien av å inkludere barna i studiar som angår deira liv, avsluttar Østvik.

Referansar:

Østvik, J., Ytterhus, B., & Balandin, S. (2016). Friendship between children using augmentative and alternative communication and peers: A systematic literature review. Journal of Intellectual & Developmental Disability, 1-13. doi:10.3109/13668250.2016.1247949

Østvik, J., Balandin, S., & Ytterhus, B. (2017). A “Visitor in the Class”: Marginalization of Students Using AAC in Mainstream Education Classes. Journal of Developmental and Physical Disabilities, 29(3), 419-441. doi:10.1007/s10882-017-9533-5

Østvik, J., Ytterhus, B., and Balandin, S. (2017). “So, how does one define a friendship?” : Identifying friendship among students using AAC in inclusive education settings. European Journal of Special Needs Education.

Østvik, J., Ytterhus, B., and Balandin, S. (under publisering). Gateways to friendships among students who use AAC. Scandinavian Journal of Disability Research.

Powered by Labrador CMS