Saken er produsert og finansiert av Statped - Les mer
Også barn som er lett premature kan få språkvansker senere i livet.

Lett premature har auka risiko for språkvanskar

Det er ikkje berre ekstremt premature barn som har auka risiko for språkvanskar. Også lett premature barn kan streve meir med språket enn barn fødd til termin.

15.9 2016 04:00

Forskarar har sett på språkevnene til 25 lett premature barn, altså barn som er fødd i veke 34 til 36. Resultata viser at barna ved fireårs alder skårar svakare enn forventa og at relativt mange har symptom på språkvanskar.

Pilotstudien er gjort av forskar Wenche Andersen Helland i Statped og logoped Anne Straume i Askøy kommune.

– Funna viser at vi må forske meir på dei lett premature barna. Vi tek gjerne for gitt at dei barna som er fødde tett opp mot termin, med tilnærma normal fødselsvekt og stabil helsetilstand, ikkje har vanskar. Då er det fare for å oversjå problem, seier Helland. Ho er også førsteamanuensis II ved Universitetet i Bergen og forskar i Helse Fonna.

Helland understrekar at dette er ein pilotstudie med eit lite utval og funna må difor tolkast med varsemd. Resultata tyder likevel på at språkkompetansen til dei lett premature barna er lågare enn hos andre barn.

Funna blir stadfesta av anna forsking. Ein studie frå USA frå 2012 av meir enn 5000 barn, der 400 var lett premature, viser at dei lett premature gjer det svakare enn fullborne barn på språklege mål.

– Dei lett premature barna har gått glipp av dei siste vekene av svangerskapet. Då er det fornuftig å ha eit ekstra auge på dei og følgje dei tettare opp, meiner Helland.

– Må erkjenne at dei er i ei risikosone

25 barn deltok i studien. Dei blei rekrutterte av helsestasjonar i heile landet. Forskarane trekte ut 358 tilfeldige helsestasjonar som blei spurde om å finne barn fødd i veke 34, 35 og 36 som skulle på fireårskontroll i ein gitt periode. 25 familiar responderte.

Forskarane nytta eit rapporteringsskjema for foreldre som heiter Children’s Communication Checklist Second Edition (CCC-2). Dette er eit standardisert instrument med norske normer, som blir nytta for barn mellom fire og 17 år.

I skjemaet vurderer foreldra sjølve språket til barnet ved å svare på 70 påstandar. Dei vurderer kor ofte dei har observert ulike språklege fenomen innan kommunikasjon, uttale, forståing, samtaleinitiativ og korleis barnet bruker språket i ulike sosiale situasjonar.

Forskarane analyserte deretter informasjonen og samanlikna resultata med gjennomsnittet for aldersgruppa. Dei lett premature barna skåra betydeleg svakare enn aldersgjennomsnittet og 20 prosent viste symptom på språkvanskar. Vanskane var i hovudsak knytte til den strukturelle sida av språket, som tale, setningsbygging og språkforståing.

– Vi må erkjenne at dei lett premature barna er i ei risikosone. Vi skal ikkje skape uro hos forelda, men vere ekstra merksame på at nokre kan ha ein språkvanske som dei må få hjelp for, seier Helland.

Tidleg innsats

Kunnskapsdepartementet har peikt på tidleg innsats som ein nøkkel i arbeidet med å fange opp og følge opp dei som treng særskild hjelp og støtte. Også Statped jobbar systematisk med tidleg innsats. Helland og Straume meiner det er særs viktig å finne barna med språkvanskar slik at dei kan få tidleg hjelp.

– Når vi oppdagar vanskar tidleg, kan vi setje inn tiltak medan barna er i ein fase i utviklinga der dei er særleg mottakelege for stimulering, seier Helland og held fram:

– Når eit barn har språkvanskar, er det viktig med rådgjeving til miljøet rundt barnet om korleis ein kan legge mest mogleg til rette for ei god språkutvikling. Dei vaksne bør vere ekstra medvitne på å vere gode språkmodellar, bruke språket aktivt saman med barnet, lese høgt, snakke med barnet og setje ord på det ein gjer saman, seier Helland.

Ho oppmodar til meir forsking på dei lett premature barna.

– Meir kunnskap om korleis dei lett premature barna fungerer vil vere til stor hjelp for både foreldre, helsestasjon, barnehage og andre som følger opp barna. Difor bør vi forske vidare på større grupper av lett premature barn, seier Helland.

Etterlyser meir forsking

Kring sju prosent av alle barn i Noreg blir fødde prematurt, altså meir enn tre veker før termin. Dette utgjer kring 4400 barn i året.

Det er godt dokumentert at premature barn har større risiko for språkvanskar enn barn som er fødde til termin. Det er likevel forska lite på språkutviklinga hos dei som er lett premature.

– Dette er ein pilotstudie som berre er hypoteseskapande. Likevel er han interessant. Om det blir stadfesta at språkvanskar er meir vanleg hos dei som er fødde litt for tidleg, er det viktig å følgje barna over tid for å finne ut om dette er vanskar som varar ved, slik at dei har nytte av tidlege tiltak, seier Trond Markestad. Han er barnelege og professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Markestad sit også i ekspertpanelet til Prematurforeningen.

Markestad oppmodar til meir forsking om dei lett premature barna for å få eit meir komplett bilete av kva det kan bety å vere fødd for tidleg.

Mellom anna vil det vere nyttig å finne ut om lett prematuritet i seg sjølv er ein risiko for å utvikle språkvanskar, eller om språkvanskane er eit resultat av svakare kognitive evner (IQ), åtferdsvanskar, sosial bakgrunn, mindre stimulering i barneåra eller komplikasjonar i svangerskapet.

Markestad trur ikkje det er aktuelt å etablere eigne screeningprogram for språk eller andre vanskar hos barn som er fødde litt før tida. Derimot er det særs viktig at foreldre, helsepersonell og pedagogar i barnehage og skule kjenner til risikofaktorar for avvikande utvikling slik at dei kan fange opp barn som treng ekstra støtte. Dette gjeld både for barn fødd for tidleg og andre barn.

– Kunnskap gir større håp om at barn som slit, blir oppdaga og utgreia på riktig tidspunkt og får den hjelpa dei treng, seier Markestad. 

Referansar:

Nepomnyaschy, L., mfl. Developmental outcomes of late-preterm infants at 2 and 4 years. Maternal and Child Health Journal, 16 (8), 1612-1624, 2012. Sammendrag.

Straume A & Helland, W.A. En pilotstudie av språkferdigheter hos lett premature barn, Norsk tidsskrift for logopedi, 2, 22-28, 2016

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse