Saken er produsert og finansiert av Norges musikkhøgskole - Les mer
Klarinettist Espen Nystog Aas og cellist Anina Radotina deltok begge i Johannes Lunde Hatfield sitt prosjekt kor dei fekk innføring i mentale strategiar som ein vanlegvis brukar i idrettspsykologien.

Brukar tips frå idretten for å bli god på instrumentet

Ein musikkstudent kan bruke 7800 timar åleine på øverommet i løpet av fem år på eit konservatorium. Korleis kan ein vite at ein brukar tida riktig? Johannes Lunde Hatfield har leita etter svar i idrettspsykologien.

13.6 2017 04:00

Å skape seg ein karriere som utøvande musikar er ikkje småtteri. Og for dei som lukkast ligg det eit vanvitig tal timar med hardt arbeid bak. Svært mange av desse timane vert brukt heilt åleine på eit øverom, med terping og øving på krevjande repertoar og øvingar.

Men korleis veit dei at dei brukar tida si riktig og ikkje minst halde nervane i sjakk? Forskar Johannes Lunde Hatfield har leita etter svar i idrettspsykologien.

Hatfield har sjølv bakgrunn som cellist, og i tillegg til det har han studert idrettsvitskap ved Norges idrettshøgskole. Det var der han oppdaga verktøya han no har tatt med seg til Musikkhøgskolen.

– Då eg kom over idrettspsykologi, slo det meg at dette er ein brikke som lyt vere på plass i høgare musikkutdanning, fortel han på det vesle kontoret på Musikkhøgskolen. Den ideen leidde han etter kvart mot stipendiatprosjektet som blei fullført februar 2017. Grunntanken var å late musikkstudentar prøve ut ulike strategiar idrettsutøvarar brukar til å førebu seg mentalt.

Få studentar med klare mål

Stipendiatprosjektet blei delt i tre delar. Først gjennomførte Hatfield ei kartlegging om korleis studentar ved musikkhøgskulen øvar.

– Eg undersøkte ulike variablar, som i kor stor grad studentane set seg mål for øvinga, kva slags tru dei har på at dei vil gjennomføre desse, og kor vidt tida borte frå sjølve instrumentet, altså planlegging av øvinga, påverkar dette, fortel Hatfield. 

– Der fann eg at det var ganske få studentar som sette seg klare mål kvar veke eller kvar dag. Vidare fann eg at studentar som var meir medvitne rundt kva som skulle skje på førehand, også hadde eit større repertoar av ulike øvingsstrategiar og var meir sjølvmedvitne om korleis dei skulle øve. Når desse hadde vore gjennom ein øvingsprosess, kunne dei enklare gå tilbake og evaluere kva som fungerte eller ikkje, forklarar han.

Hatfield blei noko overraska over funna han gjorde og hadde kanskje trudd at denne prosessen var meir organisert for studentane. Konklusjonen blei at der var eit behov for større bevisstgjering.

Akseptere dei tunge tankane

I neste fase gjennomførte Hatfield ein studie med ei gruppe av seks utøvande studentar for å teste ut ulike strategiar frå idrettspsykologien.

– Studentane gjekk gjennom eit idrettspsykologisk øvingsopplegg, der vi integrerte strategiar som forskinga visar at er dei mest sentrale for prestasjonsførebuing. Det kan til dømes vere å setje seg konkrete mål, visualisering av gitte situasjonar eller ulike konsentrasjonsøvingar, fortel han.

Hatfield fann ut at svært mange av studentane har høge forventingar til seg sjølv og gjerne eit veldig definert mål som dei ynskjer å nå.

– Spørsmålet vert då: Korleis skal du kome dit? Det kan kanskje høyrest ut som ein klisjé, men det er ekstremt viktig å ha strategiar for prosessen og ulike fasar mot det målet, og mykje av arbeidet må faktisk gå føre seg utan instrumentet, seier Hatfield.

Det viste seg også at mange av studentane var opptekne av ein del eksterne faktorar, som kva medstudentane eller læraren tenkte om deira prestasjon.

– Ein viktig ting kan rett og slett vere å akseptere at ein har slike tankar, og at det er ein del av det å framføre musikk. I staden for å prøve å bli kvitt desse tankane kan ein heller prøve å gjere seg meir medvite til dei og «puste» med problemet. Om ein prøvar å stenge dei ute, kan ein fort bite seg i halen og forsvinne djupare ned i destruktive tankar, meinar han.

Soleis handlar strategiane både om tida åleine på øverommet og ulike framføringssituasjonar.

Kommunikasjon og motivasjon

I tredje fase var det nettopp kommunikasjon rundt dette han utforska, og såg nærmare på dei langsiktige effektane av å implemetere systematisk, mental trening i øvinga til studentane.

– Alle har behov for å kjenne seg kompetent og vere ansvarleg for eigne handlingar. Vidare er vi alle avhengige av andre og treng å kjenne tilhøyrsle til eit miljø, forklarar Hatfield.

Hatfield meinar der er eit behov for å skape eit rom der ein kan snakke om tema som kanskje er litt tabubelagt på ein institusjon som Musikkhøgskolen.

– I ein institusjon som dette som har eit høgt prestasjonsnivå, og det er veldig status å vere god, er det ikkje så enkelt å ha ein open dialog rundt svakheiter, meinar han.

«Øv så mykje du kan»

Cellist Anina Radotina, som no er i ferd med å fullføre sitt fjerde år på Musikkhøgskolen, blei svært glad då ho fekk e-posten om moglegheita til å delta på Hatfields prosjekt.

– Som musikkstudent får du gjerne beskjeden «øv så mykje du kan», og det er liksom det alt handlar om. Men spørsmålet er jo korleis ein skal gjennomføre øvinga, fortel ho. Gjennom Hatfields intervensjonsstudie fekk ho høve til å bli meir medviten om sin eigen prosess og er samd med Hatfield i at det ikkje naudsynleg er så mykje rom for å snakke om dei negative sidene av denne på skulen.

– Ein skal ha ein fasade som signaliserer at ein er flink, spelar konsertar og alt går på skinner. Men her fekk vi snakke om alt som vi slit med og som ikkje går så bra, og det var frigjerande! Det er nok ikkje slik at vi snakkar så mykje om slikt her i kantina. Her går det gjerne bra med alle!, seier ho lattermildt.

Klarinettist Espen Nystog Aas er også i sitt fjerde år, og har set stor pris på det han lærte av å delta på Hatfields prosjekt, og to år seinare brukar han framleis fleire av teknikkane han lærte dagleg.

– Eit av dei viktigaste verktya eg tok med meg frå deltakinga handlar om å finne konsentrasjonen og det riktige energinivået på øverommet. Det kan dreie seg både om å gire seg opp eller roe seg litt ned, fortel han.

– Mine forventingar i forkant var mellom anna at eg skulle lære å fjerne mentale sperrer, køyre på og øve masse. Men eg lærte tvert om at det kan vere viktigare å ta pausar iblant, seier han.

Kjem det endringar?

Med andre ord må ein kanskje konkludere med at musikkinstitusjonane har eit hol i systemet?

– Ein stad i systemet manglar der eit organisert opplegg for å lære studentane å tenke meir strategisk om øving. Til samanlikning vert idrettsstudentar følgt opp svært tett, men ein musikkstudent har jo dei same behova for slik tilbakemelding, meinar Hatfield.

Så om der er tilsynelatande klare behov, og fleire verktøy ein kan ta i bruk, vil der skje endringar? Hatfield er ikkje åleine i sine tankebanar. Professor Siw Graabræk Nielsen meinar musikkinstitusjonane, til trass for hundreår av tradisjonar bak seg, har eit stort læringspotensiale når det kjem til undervisning knytt til øvings- og framføringspraksis.

– Johannes sitt prosjekt går inn i korleis vi skal klare å lage eit undervisningstilbod som handlar om undervisning av øving, slik at ein betre kan handtere stress, finne konsentrasjonen og vere målretta, slår ho fast.

Per i dag får studentane ved Musikkhøgskolen eit introduksjonskurs til øvingslære i dei innleiande vekene, samt eit fag som heitar Prestasjonsforberedelse som rettar seg spesielt mot å takle prestasjonsangst.

Referanse:

Hatfield, J.L.: Determinants of motivation and self-regulation in aspiring musicians. Doktorgradsavhandling ved Norges Musikkhøgskole. (2017)

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.