I løpet av ti år har omsetninga i frukt- og bærnæringa blitt fem gonger så stor. – Framgangen hadde mange grunnar, men ein nøkkelkomponent er at bærdyrkarane gjekk saman med andre næringsaktørar og kunnskapsmiljø for å jobbe med nyskaping og kvalitet på produkta, seier forskar. (Foto: Idun A. Husabø)

Sju råd for å lykkast med nyskaping i nettverk

Nettverk som arbeider for nyskaping kan gi bedrifter og næringar eit løft. Ny forsking viser kva som kan få slike nettverk til å lykkast.

Året er 2000. Skodda som heng tungt over bringebæråkrane langs Sognefjorden, vitnar om dårlege forhold for bærdyrking. I vekene då raude, freistande bær skulle ha prega butikkar og travle ferjekaiar, er det lite å få kjøpt. Stemninga blant bærdyrkarane er laber.

Ti år seinare, i det same fjordlandskapet, er regnet like nærverande. Men bæra er overalt, og dei er større, fastare og ei aning søtare. Eit tiår etter botnnivået, er omsetninga i frukt- og bærnæringa fem gonger så stor. Kva hadde skjedd?

– Framgangen på frukt- og bærområdet hadde mange grunnar, men ein nøkkelkomponent er at bærdyrkarane gjekk saman med andre næringsaktørar og kunnskapsmiljø for å jobbe med nyskaping og kvalitet på produkta, forklarer Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking.

Korleis skape noko i lag?

Å finne ut kva som får slike nettverk til å lykkast, var eitt av måla då Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane analyserte aktiviteten i fire nettverk og to bedrifter i Sogn og Fjordane. Desse hadde dei valt ut blant 117 identifiserte nettverk i fylket. Tema for dei fire nettverka var breibandutbygging, frukt og bær, fornybar energi og opplevingsturisme.

– Samanslutningane vi har sett på, er ulike i storleik, struktur og tal på deltakarar. Men det som får dei til å lukkast med nyskaping, er ganske likt, seier Larsen.

Forskarane valde å omsetje erfaringane sine til ei såkalla «verktøykasse» med trinnvise instruksjonar og øvingar. Dei sju punkta inneheld råd til personar som har viktige roller i slike nettverk, men òg til det offentlege støtteapparatet.

1. Gje bedriftene ein grunn til å vere med

Bak det høgtflygande ordet innovasjon ligg det noko ganske handfast: Å gjere noko nytt som er smartare enn det ein har gjort før. Då er det kanskje viktigaste spørsmålet kva medlemmane skal oppnå gjennom eit samarbeid. Ofte dreier det seg om ny kunnskap som kan auke verdiskapinga i bedriftene.

For frukt- og bærdyrkarane i Sogn og Fjordane, industri og FoU-miljø var det tydeleg at bærsortar og dyrkingsmetodar måtte skiftast ut for å dekkje behovet for meir norskprodusert frukt og bær. Men få har krefter til å gjere slike løft på eiga hand. Difor vart eit nettverk svaret.

– Når ein går i gang, må initiativtakarane vere tydelege på kva ein får att for å vere med. Deltakarane må òg erfare nytten sjølv, seier Larsen.

2. Lat kunnskapen flyte

Eit premiss for at deltakarane skal oppleve nettverket som nyttig, er at dei som er med, faktisk deler kunnskap med kvarandre. Prosjektsamarbeid, samlingar, studieturar og direkte kontakt er typiske middel.

– Kunnskap du deler, kan få mykje større verdi enn kunnskap du held for deg sjølv, seier Larsen.

Denne verdiskapinga handlar ofte om å utvikle nye produkt eller å heve kvalitet. Men det kan òg handle om å finne nye marknader, som då morellbøndene i Lærdal gjorde ei felles oppdaging: Fruktene deira vart modne på eit tidspunkt då forbrukarar i England og Tyskland for lengst hadde ete sine siste lokale morellar.

Nyvinninga kan òg handle om å forske seg fram til bærsortar som toler sal i korger. Nettopp det var den suverene eigenskapen til Glen Ample – bringebærsorten som starta ein liten revolusjon i bærnæringa i Sogn og Fjordane. Det låg 20 år med forsking bak Glen Ample-suksessen, og mange bidrog undervegs.

– Eit godt nettverk kan med gode FoU-prosjekt løyse utfordringar som enkeltaktørane ikkje har ressursar til sjølv, understrekar Larsen.

3. Set det nye ut livet

Medlemmane i nettverk må sjå synlege resultat av tida dei brukar på samarbeid, slik bærdyrkarane i Sogn gjorde. Etter studieturar for å hente heim idéar, vart både plasttunnelar og skotske bærsortar raskt prøvde ut på heimlege marker. Slik gjekk det til at norske forbrukarar kunne kjøpe bringebær i korger.

Seinare kom produktet Lærdals Beste​​​​​​, eit fryseprodukt som kunne kjøpast midtvinters og likevel smakte omtrent som fullmodne, kortreiste bringebær på ein sommardag.

– Etter få år var alle stega i bærproduksjonen lagt om, seier Larsen.

4. Bygg relasjonar

Skal nettverk fungere godt, må medlemmar ha god kontakt med kvarandre, og kontakten må pleiast. Berre slik kan dei dra nytte av ressursane som ligg i koplingane mellom kvar av dei. God kontakt kan òg gjere medlemmane i stand til å nytte dei andre sine kontaktar utanfor det formelle nettverket.

– Det er ofte i møtet mellom ulike kunnskapsfelt at nyskapinga skjer, seier Larsen.

Organisering kan påverke kor god kontakt medlemmane har med kvarandre. I små nettverk er strukturen gjerne flat. I større nettverk er det nødvendig med ein som samlar trådane og syter for framdrift. Av og til bør nyskapinga skje i sjølvstendige undergrupper der medlemmar arbeider med eigne tema. Dette siste er nettverket IT-forum Sogn og Fjordane eit godt eksempel på, slår forskarane fast.

5. Mobiliser til handling

Startkapital er viktig for nye nettverk, som ofte må streve seg over ei første kneik før dei har fått midlar til arbeidet.

Forskarane har sett døme på at nettverk sovnar inn i mangel på startkapital. For utan aktivitet har det sjeldan nytte for medlemmane.

– Det er viktig å ha oversikt over finansieringskjelder, program, politiske strategiar som kan bidra til å gje satsinga eit løft. Kanskje må ein starte med å lese seg opp, alliere seg med nokon som kan hjelpe til eller drive lobbyverksemd overfor ein spesiell instans, føreslår Larsen.

6. Bygg legitimitet

Viss mange tykkjer at eit nettverk tilfører samfunnet nytte, har det ekstra gode odds.

– Det er om å gjere å raskt vinne tillit frå bedrifter, det offentlege og kunnskapsinstitusjonar, og eventuelt frå långivarar, investorar, leverandørar og kundar. Då vil nettverket kunne skape seg handlingsrom og kjempe om ressursar, seier Larsen.

Å framskunde utbygging av raskt internett utanfor tettbygde strøk, slik IT-forum Sogn og Fjordane har gjort, blir til dømes oppfatta som rein samfunnsbygging. År med synlege resultat har gitt IT-forum eit godt omdøme.

– Med det har dei fått ein stadig sterkare posisjon og lukkast med å skaffe nye midlar til prosjektutvikling på vegne av fellesskapet, seier Larsen.

7. Skap nytte for andre

«Vaksinasjonsprogram er til nytte også for dei som ikkje vaksinerer seg», skriv forskarane. Dei vil fram til at gratispassasjerar ikkje alltid er eit problem.

– Jobbar ein i nettverk, må ein tenke annleis, seier Larsen. Han minner om at nytte ut over den lukka kretsen faktisk er eit teikn på at nettverket har oppnådd noko.

Forskarane oppmodar nettverka til òg å bruke krefter på å skape nytte utanfor nettverket, ikkje minst fordi det gir andre eit positivt syn på det dei held på med. Og slik bit slangen seg sjølv i halen.

– Å vise samfunnsnytten av nettverket er eit viktig poeng når ein søker offentleg støtte, avsluttar Larsen.

Referanse:

Nesse J.G., Skogseid, I.  og Larsen, Ø.H.: Verktøykasse for strategisk arbeid med innovative nettverk. Rapport frå Vestlandsforsking. (2016)

Nesse J.G., Skogseid, I.  og Larsen, Ø.H. : A Toolbox for Strategic Leadership of Innovative Networks. Rapport frå Vestlandsforsking. (2017)

Om forskinga

  • Verktøykassa for innovative nettverk samanfattar funn frå forskingsprosjektet «Innovasjon i Sogn og Fjordane – vilkår og barrierar» (2011-2014)
  • Utført av Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane og finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norges Forskingsråd gjennom VRI-programmet
  • Interreg-prosjektet P-IRIS, som Sogn og Fjordane fylkeskommune leiar, spring ut av forskingsprosjektet.
Powered by Labrador CMS