Annonse

Kronikk: Bygdeutvikling er risikosport

"Evig eies kun et dårlig rykte". Bygdesamfunn som klarar seg godt, har mange uredde entreprenørar, skriver Geirmund Dvergsdal i denne kronikken.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Brevandring i Jostedal (Foto: Anders Gjengedal/Innovation Norway)

Er du tilflyttar, gjerne dame og ikkje redd for dårleg rykte, kan du få suksess i bygda. Oppfyller du ingen av desse kriteria, kan du likevel oppnå suksess, men då med høg ”ikkje bry seg om”-faktor.

Kvinner er meir aktive i lokale utviklingslag enn menn, og kvinner utan lokal tilknyting er meir aktive enn kvinner med lokal tilknyting. Felles for både kvinner og menn med lokal tilknyting er mindre støtte frå eige lokalmiljø, dei må bry seg meir med kva sambygdingane tenkjer og meiner.

Alle lokalsamfunn er det dei er fordi nokon tar større ansvar, er meir kreativ og vil meir enn andre. Spørsmålet blir kvifor nokon er villige til å ta store sjansar, sosialt eller økonomisk, for å få til noko som kanskje berre vedkomande ser meining i?

I mitt casestudie av entreprenøriell aktivitet i to lokalsamfunn har eg sett på kva som kjenneteiknar livskraftige lokalsamfunn og kva som må til for å få fleire ut av entreprenørskapet. Kva er det som hindrar eller oppmuntrar dei i å gjere det.

Kan bli møtt med skepsis

Lokale eldsjeler som brenn for utvikling av eigne lokalsamfunn til gode sosiale arenaer, som også tar initiativ til utvikling av infrastruktur for næringsutvikling, er døme på kollektive entreprenørar som opererar innan for dagens nedanfrå – opp utviklingsstrategi. I dag er gjerne entreprenøren høgt utdanna, kreativ og handlingsorientert med mange kontaktar og nettverk til eit breitt og globalt miljø. Han kan også bli møtt med skepsis fordi han bryt med fellesskapsidealet og likskapsprinsippet.

Her kjem skilja fram mellom dei opne samfunna med takhøgde, toleranse og aksept, og dei lukka samfunna prega av mistru og mistillit som bidrar til sanksjonering og avgrensing i handlingsrom.

Spørsmålet vil vere om det er mogleg å stimulere til vekst med utgangspunkt både i den individuelle klassiske entreprenøren med hans opportunistiske motiv, og samfunnsentreprenøren med sine lokalpatriotiske motiv.

Utvikling av lokalsamfunn handlar om summen av all utvikling gjennomført av enkeltindivid og grupper. Utviklingsarbeid kan sjåast som målretta innsats for å utvikle det gode samfunnet for dei som bur der, det samfunnsbyggande arbeidet både innanfrå av innbyggjarane sjølve og utanfrå, til dømes staten gjennom omfordeling. For at vi skal kunne snakke om utvikling, må det skje ei eller anna form for verdiauke, alt anna vil vere å betrakte som overleving eller konservering.

Vi finn mange livskraftige lokalsamfunn med ulike suksessfaktorar, men med det til felles at individuelle handlingar er og har vore avgjerande for utviklinga. Samfunnsentreprenøren som tok initiativ til å få etablert sparebanken og samvirkelaget, eller som tok tak for å få lokalisert bedrifta i sitt lokalsamfunn, er historisk gode døme på lokalt forankra kollektivt entreprenørskap.

Den som starta tønneproduksjon i eit naust i Bygstad eller møbelproduksjon i ein kjellar på Sunnmøre, er gode døme på den individuelle handverksentreprenøren som utnytta eigen fagkunnskap, kreativitet og lokal identitet til å skape sin eigen arbeidsplass. Til slutt den opportunistiske entreprenøren med profitt som drivkraft.

“Du kan ikkje lukkast utan å lukkast saman med andre”

Dette er ei utsegn som indikerar ei oppfatning av at relasjonar, tillit og nettverk er viktig. I dagens samfunn ser vi meir av det motsette, ein individuell shopping- kultur der vi stadig oftare opptrer som nyttemaksimerande kundar med fleire rettar og færre plikter. Kan ei individualisert utvikling sameinast med livskraftige bygdesamfunn og kultur for entreprenørskap?

Mitt studie er gjennomført i to bygdesamfunn som har utmerka seg positivt med høg entreprenøriell aktivitet. I dei to bygdene som deltok i studie, Jostedal og Bygstad i Sogn og Fjordane, ser eg klare koplingar mellom ei utovervend innstilling, sterk lokal identitet og innovative eigenskapar.

Fleirkulturelle miljø har vore med å påverkar haldningane, og gjeve dei kreative individualistane større handlingsrom. I tillegg handlar det mykje om tilgong til nettverk og individuelt initiativ, med andre ord både om individuelle og kollektive prosessar

Positiv identitet, lokale ressurser

Jostedalen har blitt prega av mange ytre nye impulsar dei siste 20–30 åra gjennom den aktiviteten som etter kvart bygde seg opp rundt breføring og naturbaserte aktivitetar. Dette har skjedd på to måtar; mange av breførarane har internasjonal erfaring og bakgrunn som gjer at dei har med seg andre haldningar, tankar og oppfatningar.

Dette har gjort lokalsamfunnet meir ope og tolerant. I tillegg har det påverka lokal ungdom ved at dei har blitt ein del av eit bilde som syner at det er mogleg å satse på reiseliv i Jostedalen.

Dette har bidrege til å utvikle ein positiv identitet til bygda gjennom å vise at det er mogleg å skape noko med utgangspunkt i lokale ressursar.

God butikk er bra for lokalsamfunnet

I Bygstad vart dei første entreprenørane møtt med skepsis og overberande forståing. Andre vart direkte motarbeidde i lokalsamfunnet, utan at det fekk direkte konsekvens for gjennomføringa. Mindre endringserfaring som resultat av Bygstad si lokalisering nær regionsenteret Førde kan vere ei forklaring, sterke lokale og polariserte nettverk kan vere ei anna. At eventuelle entreprenørar har blitt sanksjonerte før dei har oppstått.

Bygstad er på mange måtar i ein oppbyggingsfase. Bygda er i ferd med å utvikle kunnskaps- og relasjonsressursane som vil setje dei i betre stand til å mobilisere i breidda på sikt. Bygstad blir opplevd som ei bygd som gjennom desse prosessane har endra identitet, og at dette er i ferd med å endre haldningane til eige lokalsamfunn.

Å bygge alliansar med eksisterande organisasjonar, invitere til samarbeid for å utvikle forståing for ulike kulturar har også vore ein vellukka strategi i Bygstad. Ei gjensidig forståing for ”good for business – good for community” er i ferd med å utvikle seg og har gitt auka handlingskompetanse.

Aksepten for dei som kjem utanfrå er ofte større enn for dei med lokal tilknyting. I Bygstad kjem fleirtalet av dei som har vore sentrale i den entreprenørielle aktiviteten, utanfrå. Med andre ord er lokal identitet underordna som motiv og forklaring på entreprenøriell aktivitet. Det handlar både om at dei utanfrå ikkje kjenner alle dei lokale ”bygdestrømningane” og om at alle får ein sjanse. Er du ny, så er det ikkje noko å evaluere mot.

Nye auge ser nye måtar

Det tredje som kanskje er det viktigaste, er evna til å sjå moglegheitene til dei lokale ressursane. Nye auge ser ofte ting på nye måtar og maktar å gjere nye koplingar, dei har gjerne med seg ein annan type kunnskapsbase som gjev ein annan kunnskapsforståing (Healey1999:13).

Jostedalen er døme på det same, personar utanfrå har sett dei lokale ressursane og mulegheitene til å utnytte dei, før dei lokale. I tillegg har det gjennom aktivitetar knytt til breføring i regi av Jostedal breførarlag blitt tilført arbeidskraft i sommarsesongen, med ulik kulturell, yrkesmessig og nasjonal bakgrunn som har sett ressursane i nye samanhengar.

Opne samfunn som har ein samarbeids- og samhandlingskultur prega av tillit, har jamt over ei langt meir positiv utvikling enn samfunn med høgt konfliktnivå, klasseskilje, mistru, mistillit og misunning. Utvikling som fører til levande lokalsamfunn der folk trivast og samstundes fører til fleire arbeidsplassar og busetjing, er mål for både politikarar, byråkratar, eldsjeler og folk flest. Alle er opptekne av livskraftige lokalsamfunn, spørsmålet handlar om korleis.

Svaret ser ut til å vere at uredde entreprenørar med sterke lokale og globale nettverk er dei viktigaste ingrediensane for utvikling av lokalsamfunn.

Referanse:

Geirmund Dvergsdal: Lokalsamfunnsutviling - frå dugnad til business? Casestudie av entreprenøriell aktivitet i to lokalsamfunn. Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing, Høgskulen i Volda, 2010

Powered by Labrador CMS