Saken er produsert og finansiert av NIFES - Les mer
Sebrafisk er ein art som ein mellom anna brukar som modell for laks. Difor har forskarane brukt sebrafisken for å lære meir om laks og annan oppdrettsfisk.

Nok B-vitamin i fôr kan gi betre fiskehelse

Mangel på B-vitamin som folat og B12 påverkar genane til babyfisken. Studiar på fisk viser at sjølv lett mangel på B-vitamin gir langt lågare fruktbarheit og svakare avkom.

31.3 2017 11:06

– Det er viktig også for fisk å ha nok folat og andre B-vitamin før dei skal ha avkom, akkurat som på menneske. Viss ikkje så kan det få følgjer for avkommet, både når det gjeld talet på barn og helsa til barna.

Det seier Kaja Helvik Skjærven, forskar hos Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES). Ho har leia ein studie som ser på korleis mangel på vitamin B i fôret til sebrafisk påverkar både foreldra og avkommet.

Sebrafisk er ein art som ein mellom anna brukar som modell for laks. Funna gjeld difor både for laks og annan oppdrettsfisk og studien er svært relevant for oppdrettsnæringa.

Plantefôr til har ikkje nok B-vitamin

Auka produksjon i oppdrett gjer at ein må fordele dei marine råvarene som ein brukar i fôrproduksjon på fleire og difor brukar næringa i større grad fôr basert på planter. Dette fôret inneheld mindre naturleg B-vitamin, og ein må tilsette ekstra av dei ulike B-vitamintypane.

Det er då avgjerande at ein tilset rett mengde av dei forskjellige B-vitamina for å sikre velferd og helse hos fisken.

– Avkommet til foreldra med mangel på vitamin B viste seg å vere lite robuste, og dei vil lettare kunne få sjukdomar. Viss ein har ei feilernæring i tidlege stadium, så kan det få ein dominoeffekt på avkom, og det kan føre til at den vaksne fisken kan få mindre robust helse, seier Skjærven.

60 prosent færre avkom og fare for sjukdomar

I forsøka let forskarane foreldre av begge kjønn få fôr med svak mangel på B-vitamintypane folat, B12, B6 og aminosyra metionin.

Forskarane fann for det første at foreldra vart kortare og lettare enn fisken i kontrollgruppa, og dei hadde endra samansetjing av næringsstoff i kroppen. Vidare såg dei at desse fiskane fekk 60 prosent færre avkom enn fisken i kontrollgruppa, så dei var med andre ord langt mindre fruktbare.

Når forskarane såg på avkommet, så såg embryoa visuelt fine ut, men dei hadde skjulte manglar. Ein såg at vitaminmangelen til foreldra påverka kva genuttrykk som vart produsert hos embryoa, og det vart produsert meir av genar som har med betennelse og stress å gjere. Ein såg også endringar i feittransporten.

Celledeling og genregulering

– Folat, vitamin B12, vitamin B6 og aminosyra metionin er veldig viktige for tidleg embryodanning, seier Skjærven.

Desse vitamina er viktige av mange årsaker, mellom anna på grunn av den hurtige celledelinga når embryoa utviklar seg. For at celledelinga skal fungere, må det produserast nytt DNA, og B-vitamin er nødvendig for sjølve byggesteinane i DNA, nukleotidane.

Skjærven utdjupar at det også er viktig på grunn av genreguleringa, som er kva genar som blir slått av eller på hos avkommet.

– Foreldra si ernæring har altså direkte effekt på barna si helse og genreguleringa deira. No undersøkjer vi vidare korleis det gjekk med avkommet i vaksen alder, og vi skal setje i gang ein større studie der vi gjer liknande forsøk på laks. Studien er støtta av Norges forskningsråd, og tanken bak er å betre helsa til laksen.

Referanse:

Kaja Helvik Skjærven m.fl: Parental vitamin deficiency affects the embryonic gene expression of immune-, lipid transport- and apolipoprotein genes. Nature human behavior. 2016. doi:10.1038/srep34535

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Emneord