Saken er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer
I Noreg har interessa for insekt vore spesielt fokusert mot insekt som mogleg ingrediens i mellom anna fiskefôr.

Insekt skal gjere avfall om til dyrefôr

Globalt blir det i dag avla nesten 700 insektartar og mange stadar er insekt brukt som fôr og menneskemat. No ser forskarar på storskalaproduksjon i Noreg.

20.2 2017 04:00

FN sin mat- og jordbruksorganisasjon FAO meiner at verda framover skal satse enda sterkare på insektoppdrett. I 2050 er det forventa at verdas befolkning vil ha auka til ni milliardar menneske, og med fleire folk kjem behovet for større matproduksjon. Dette vil ha stor effekt på miljøet og kan føre til mangel på jordbruksareal, vatn, skog, fisk og biologisk mangfald.

No skal forskarar frå sjå nærare på insektproduksjon og målet er å byggje opp ein kompetanse på insektoppdrett med fôr frå avfallskjelder.

Insekt i fiskefôr

Globalt blir det i dag avla nesten 700 insektartar og mange stadar er insekt brukt som fôr og menneskemat. I Noreg har interessa for insekt vore spesielt fokusert mot insekt som mogleg ingrediens i mellom anna fiskefôr. Insektmjøl er svært proteinrikt, og samansetjinga av aminosyrer liknar på dei vi finn i fiskemjøl.

– I dei siste åra har det blitt større interesse for å bruke insekt i både fiskefôr og til menneskeføde. Insekt passar godt i fôr til fisk og kylling, som naturleg eit insekt og er ei god erstatning for fiskemjøl og planteprotein, fortel Erik-Jan Lock frå Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).  

Det neste steget er å få til storskalaproduksjon, seier han.

– Dette finst ikkje i dag i Europa. Det er berre nokre få litt større produsentar i Frankrike, Nederland og Tyskland. Til no har lovgjevinga ikkje vore tilrettelagt for bruk av insekt i fôr, men no har dei endeleg avgjort å opne opp for bruk av insekt i fiskefôr i Brussel. Det vil bli lovleg allereie til sommaren, seier Lock.

Han fortel at fleire laksefôrselskap har gjort eigne testar med insekt, men understrekar at vi treng eit system på plass før det vil bli sett på som risikofritt å nytte insekt i fôr.

– Når lovgivinga er på plass og det skal opnast for import av insektmjøl, treng vi teknikkar og analysar på plass, som med 100 prosent sikkerheit kan påvise at mjølet kjem frå insekt og ikkje til dømes frå kyr.

Lovgivinga set også avgrensingar for kva insekta kan fôrast med. I mellom anna Sør-Afrika, Sør-Amerika og Thailand har dei ikkje dei same restriksjonane som i Europa. Det vil derfor vere svært viktig at ein veit kvar insektmjølet kjem, seier han. Lock legg til at det som ein del av prosjektet vil bli utvikla eit «fingerprintingsystem» som skal avdekkje innhaldet i insektmjøl i samarbeid med forskarar i Nederland og Belgia.


Stor mjølbille kan fôrast på matavfall. (Foto: Karin Westrum)

Tjue prosent av all mat blir kasta

For å lukkast med ei kommersiell insektnæring vil det såleis vere vesentleg å byggje opp god kompetanse. No skal insektforskarane frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) mellom anna teste ut fleire ulike artar i oppdrett for å finne dei som er mest relevante å bruke i kommersiell produksjon.

I tillegg skal det etablerast insektkulturar der ein skal gjere forsøk for å finne ut av kva slags insektartar og forhold som gjev best produksjon når insekta vert fôra med ulikt avfall.

– Vi ønskjer å byggje opp ein brei kompetanse på dette området i NIBIO, fortel avdelingsleiar Ingeborg Klingen og peikar på at dette er god bioøkonomi der ein nyttar avfall og gjer det om til ressurs.

– På engelsk kallar ein det «upcycling» som er eit godt uttrykk.

Ifølgje Klingen kan ulike insekt omdanne alle slag organiske materiale, til dømes matrestar. I dag blir tjue prosent av all mat kasta. Dette kan i staden bli ein berekraftig ressurs i produksjon av insekt som kan brukast i til dømes fiskefôr.

– Tenk på all energien og arbeidet som har gått inn i produksjonen av all den maten vi kastar – dyrking, gjødsling, produksjon. Vi tek vare på energien ved å bruke denne ressursen. Laks kan nesten ikkje fordøye karbohydrat, og insekt er difor ei god råvare. I dag importerer vi 85 prosent av det som går i fôret, som soya og fiskemjøl, frå utlandet, seier Lock.


Altetande mjølbillelarvar på laboratoriet. Her et dei ei blanding av brød, havregryn, kaffegrut og gulrot. (Foto: Erling Fløistad)

Skal bruke avfall

Det er mange avfallsstraumar som kan nyttast til insektsoppdrett, mellom anna landbruksavfall, bryggemask og avfall frå matprodusentar, men nokre kjelder vil vere meir utfordrande å nytte enn andre.

– Kjernen i heile ideen er at vi skal transformere lågverdibiomasse til høgverdibiomasse, fortel Ivar Pettersen, seniorrådgjevar frå NIBIO som leiar arbeidet med avfallstraumar og fôrtilgang.

– Vi skal sjå på tilgangen på avfallstraumar som kan brukast til insektfôr, det vil seie kva slags straumar av biomasse som kan eigne seg, og kva volum som finst. I tillegg er logistikk viktig - vi må ha ein idé om kvar vi finn denne biomassen og kva det er lov å utnytte, seier Pettersen.

Framtidas produksjon kan vere alt frå det vi kallar «cottageindustri» - til dømes ein kompost i hagen - til storskalanlegg som Protix i Nederland, trur han. Men hushaldsavfall er ei utfordring å bruke fordi denne typen avfall kan innehalde mange andre ting som ikkje er ønska i insektfôret.

– Vi er i ein prosess der det blir eit tydelegare lovregime, med den konsekvens at det blir stilt strenge krav om kva slags avfall ein kan fôre insekt med. Slik det ser ut no kan det såleis bli vanskeleg å få godkjenning for bruk av hushaldsavfall fordi det er for mange element i det. Det kan til dømes vere restar av ein dyreart som det ikkje er lov til å brukt til fôr for same art. No vil nok slik bruk berre vere mogleg i større hushald eller matindustri, seier han.


May-Guri Sæthre og Karin Westrum driv oppdrett av mjølbiller på laboratoriet hos NIBIO. (Foto: Erling Fløistad)

Samarbeidar med potet- og grønsaksprodusentar

Pettersen fortel at NIBIO mellom anna skal samarbeide med Norsk Gjenvinning og andre avfallstrømprodusentar.

– Vi har også samarbeid med Orkla, og vi vil sjå nærare på bruk av varer frå daglegvarebutikkar. Målet er å få ein jamn og god straum med biorest som gir full kontroll av innhald, forklarar Pettersen.

Andre næringspartnarar er potet- og grønsaksprodusentane Bjærtnes & Hoel og Dingstad og Kjær i Sandefjord, samt Skjærgårdsgartneriet.

– Vi ser for oss at det er grunnlag for å teste ut ganske homogene straumar frå desse. Det mest utfordrande blir om vi kan gjere noko med dei store matavfallstraumane som Norsk Gjenvinning handterer, seier han.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Om ENTOFÔR-prosjektet

No skal forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) sjå nærare på insektproduksjon i samarbeid med utanlandske forskingsmiljø og ei rekkje ulike næringslivsaktørar i prosjektet ENTOFÔR.

Målet er å byggje opp ein kompetanse på insektoppdrett med fôr frå avfallskjelder.

I Noreg er Norinsect kanskje produsenten som er komen lengst på insektsoppdrett. Bedrifta er også ein av næringspartnarane i ENTOFÔR-prosjektet.