Etter å ha fjerna asfalt og moderne sand og grus, kom eit gamalt vegfar til syne. Analyser av organisk materiale viste at vegen var frå vikingtida. (Foto: Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger)

Fann vegfar frå vikingtida

Ein steinlagd veg frå vikingtida dukka opp under ei arkeologisk utgraving på Madla i Stavanger. Den har vore der frå 850 e.kr og heilt fram til vår tid.

– Det er sjeldan ein finn så vel bevarte og gamle spor etter menneske og dyr sine ferdselsvegar i tidlegare tider, seier Even Bjørdal, arkeolog ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.

Han var prosjektleiar for utgravinga på Madla.

– Vegfaret er såleis viktig for å betre forstå bruken av gardar og landskap her ved Hafrsfjorden frå yngre jernalder og mellomalder av, seier han.

Truleg er vegen først bygd i samband med ei ny organisering av eigedommar og gardstun i området i vikingtida. Det er på denne tida vegfaret kom til, og busetnaden synest no å ha blitt flytta frå gardsanlegget med røter i eldre jernalder, til det historiske gammaltunet like ved.

– Det er uavklart kor langt den gamle vegen strekkjer seg frå undersøkingssjakta – det vi veit sikkert, er at han held fram i begge retningar, forklarar arkeologen.

Ein gravemaskin gjorde fyrste del av arbeidet med å finne vegen frå vikingtida på Madla i Stavanger. (Foto: Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger)

Gravar frå yngre jernalder

Bakgrunnen for utgravinga, som fann stad sommaren og hausten 2015, var bustadutbygging av eit område med tidlegare registrerte automatisk freda kulturminne ved Sundeveien på Madla i Stavanger.

Her var det dokumentert spor etter bygningar og gardsdrift frå bronse- og jernalder. Arkeologane fann blant anna spor etter fleire hus frå romartida og jernalder og eit felt med eit titals gravleggingar, utan bevarte gravgåver.

Dei antar at gravene er frå yngre jernalder.

Even Bjørdal, arkeolog ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger, var prosjektleiar for utgravinga av vikingtidsvegen. (Foto: Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger)

Samstundes med at arkeologane var på Sunde, hadde dei et oppdrag frå Riksantikvaren om å gjere ytterlegare arkeologiske undersøkingar der dagens veg går.

Spor i gamle kart

– I dag er dette ein asfaltert lokal veg som svingar seg gjennom landskapet forbi hus og gardar. Men gamle kart viste at det eksisterte eit vegfar her allereie på byrjinga av 1800-talet, fortel Bjørdal.

Denne vegen hadde ikkje vore undersøkt tidlegare, og Riksantikvaren ynskja å få vite meir om alderen til sjølve Sundevegen før området var utbygd. Utgravinga av vegen blei eit nytt, lite prosjekt, betalt av Riksantikvaren.

Kunne denne vegen ha blitt oppretta i løpet av mellomalderen eller kanskje enno tidlegare?

– Vi grov rett og slett eit hol i vegen, med gravemaskin, på om lag fem gonger fem meter. Etter å ha fjerna moderne sand og grus, støtte vi på eit brusteinlagt overflate, forklarer Bjørdal.

– Det var stor glede og overrasking då det dukka opp tydelege restar av ei steinbrulagd overflate.

800 år gamal veg

Vegfaret var om lag to meter breitt og hadde same orientering som den noverande vegen. Då arkeologane lagde eit såkalla snitt gjennom steinbrulegginga, det vil si at dei grov seg djupare ned i om lag halve vegen for å sjå, fann dei at vegen hadde vore brukt i meir enn ein periode.

Det var fleire lag med steinbrulegging, og dateringar av jordprøver tatt i dei ulike laga viser at vegen har vore brukt gjennom nærare 800 år.

Fleire av dei større steinane langs den sørlege kanten av vegfaret stammar truleg frå eit gjerde som ein veit låg i området på 1900 – talet, men det kan ikkje utelukkast at nokre av desse kantsteinane kan ha høyrt til den opphavlege steinbrulegginga.

Det er utført tre 14C-analyser av prøvemateriale frå ulike lag i dette vegfaret. Det er ein metode for å datere organisk materiale. Dateringane indikerer at den øvste overflata var i bruk i hundreåra før og etter reformasjonen, mellom 1441 – 1635 e.kr,  medan dei lågare, eldre fasane stammar frå vikingtida, 850 – 1020 e.Kr.

Powered by Labrador CMS