Naturfag har gjeve mange moglegheiter for lærarar og elevar til å gjera forsøk der ting seier pang, skiftar farge eller andre artige ting. Det er ingenting galt med det isolert sett, meiner forskarar, så lenge det ikkje blir nettopp det: isolert. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Slik kan elevar bli betre i naturfag

Forskarar vil at elevane skal jobbe slik som naturvitarar gjer. Dei skal utvikle hypotesar, finna informasjon frå tekstar og observasjonar og diskutere seg imellom.

Noreg deltek i to store undersøkingar av tilstanden for realfag i skulen: TIMSS, som kjem kvart fjerde år, og PISA, som kjem kvart tredje år.

I fjor kom resultata frå begge i månadsskiftet november/desember. Sjølv om resultata for Noreg var positive samanlikna med tidlegare år, er det framleis mykje som kan bli betre.

I mange av landa vi vert samanlikna med, er naturfag rekna som eit av dei viktigaste faga i skulen, saman med morsmål og matematikk. Men i Noreg er det eit av dei minste faga.

Mange moglegheiter

– Frå i år har naturfag fått ein time ekstra frå femte til sjuande trinn, og det er eit steg i riktig retning. Men fleire timar er ikkje det einaste verkemiddelet. Kva vi faktisk fyller timane med, har òg avgjerande betydning.

Det seier fyrsteamanuensis Sonja Mork. Ho og forskarkollega Berit Haug er to av forfattarane av boka På forskerføtter i naturfag, som kom i fjor haust. Begge jobbar ved Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo. 

Basert på eiga og andre si forsking har forfattarane utvikla ein ny undervisningsmodell for naturfagundervisning.

Naturfag har tradisjonelt gjeve mange moglegheiter for lærarar og elevar til å gjera forsøk der ting seier pang, skiftar farge eller andre artige ting. Det er ingenting galt med det isolert sett, meiner Mork og Haug, så lenge det ikkje blir nettopp det: isolert.

Eigne observasjonar

– Elevane oppnår ikkje læring berre ved at noko seier pang. I undervisningsmodellen vår er utforskande arbeidsmåtar og grunnleggjande ferdigheiter integrerte, slik at elevane kan oppnå det vi kallar djup læring, seier Haug.

– Elevane må formulera spørsmål og hypotesar som kan forskast på og finna informasjon både frå tekstar og observasjonar i eigne utforskingar. Informasjonen vert brukt som evidens når dei diskuterer og kommuniserer kva resultat dei har kome fram til, både munnleg og skriftleg, supplerer Mork.

Læraren stiller spørsmål undervegs, men spør ikkje etter fasitsvar, slik ein del av oss er vane med frå vår eiga skuletid.

I staden diskuterer elevane seg fram til moglege svar gjennom eigne observasjonar og refleksjonar. Elevane les, skriv, diskuterer og jobbar praktisk, akkurat som naturvitarar gjer.

Detaljerte undervisningsopplegg

– Diskusjonane vert betre når elevane utviklar eit felles språk gjennom å bruka forskarord som observasjonar, slutning og funksjon, seier Haug.

– Dei lærer seg å skilja mellom kva vi observerer og kva vi trur. Av eit bilete av ein rev kan vi observera at han har kvit haletipp, men vi kan ikkje observera om han er lur eller ikkje, seier ho.

Frå 2013 til 2016 har Mork og Haug, saman med kollegaar i Bergen, Innlandet, Oslo, Tromsø og Trondheim, arrangert kursa Nøkler til naturfag for nærmare 1200 naturfaglærarar over store delar av landet.

Som ein del av kurset må deltakarane gjennomføra detaljerte undervisningsopplegg. Der skal ulike typar aktivitetar byggje på kvarandre trinn for trinn for å fremja progresjon og djupn i læringa til elevane. 

Nøgde lærarar

Ein del erfarne lærarar har vore skeptiske til dei detaljerte lærarrettleiingane.

– Dei trur at dei vil mista moglegheita til å bruka sin eigen undervisningskompetanse. Men det er jo ikkje slik at det er likegyldig kven pianisten er sjølv om Grieg har skrive alle notane til a-moll-konserten sin, seier Mork.

– Noko av dei beste opplevingane for oss er når dei mest kritiske lærarane kjem etterpå og fortel om kor gode resultat dei har fått. Og ikkje minst likar vi å få høyra om elevar som etterlyser tilsvarande undervisning i andre timar, og at elevane brukar forskaromgrepa dei har lært i arbeid med andre tema, fortel Haug.

– Det er jo slik med undervisningsmetodar som med andre måtar å arbeida på, at dei vert lettare etter kvart som ein får trening med dei, seier Mork. 

Referansar:

Ødegaard, Haug, Mork, Sørvik: På forskerføtter i naturfag (omtale frå forlaget)

Nøkler i naturfag – sluttrapport

Powered by Labrador CMS