Saken er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - Les mer
Vassprøvar i har påvist legionella i 28 av 256 kommunale dusjanlegg i Stavanger.

Mest legionella på skular, i helsebygg og idrettsanlegg

Oppblomstringa av legionella i kommunale dusjanlegg har samansette, lokale årsaker og må bli behandla deretter, meiner forskar.

30.1 2017 04:00

Legionella er ein bakterie som kan gi potensielt livstruande sjukdom dersom vi får han ned i lungene. Det første store sjukdomsutbrotet i Noreg hende i Stavanger i 2001 då 28 personar vart smitta, og sju døydde. Sidan har det vore nye utbrot fleire stader i landet.

Smitte skjer ved at ein pustar inn små vassdropar, såkalla aerosolar, forureina med legionellabakteriar. Alle innretningar som kan produsere slike vassdropar – som kjøletårn, dusjar, fontener, høgtrykkspylarar og liknande – er potensielle smittekjelder, og i Noreg har alle større utbrot hatt samband med innretningar som spreier aerosolar utandørs.

Eigarar av bygg der brukarar kan bli utsette for legionellabakteriar, er lovpålagde å gjere tiltak for å redusere bakteriespreiing. Kva tiltak er opp til den enkelte. Styresmaktene har blant anna tilrådd spyling med varmvatn og eventuelt også klorbehandling, men i dei kommunale dusjanlegga i Stavanger har det vist seg å ikkje vere nok til å få bukt med legionellaproblemet.

– Spyling kan vere effektivt for å slå ned ei stor oppblomstring, men er vanlegvis ikkje nok til å fjerne bakterien permanent. Ein må ta i bruk langt meir nyanserte metodar som tar omsyn til lokale forhold i kvart enkelt dusjanlegg, seier Anne Vatland Krøvel, seniorforskar ved IRIS.

– Vi må òg slutte å skjere alle legionellabakteriar over ein kam, for statistikken viser at det berre er nokre få typar som har evne til å gjere oss sjuke, seier ho.

Krøvel har leia eit omfattande legionellaprosjekt set i verk av Stavanger kommune og støtta av Regionalt forskingsfond Vestlandet. I prosjektet har ein mellom anna kartlagt legionella i kommunale dusjanlegg og sett på om bakterien har samanheng med dei tekniske løysingane i bygga.

Trivst best i komplekse bygg

Gjennom analyse av vassprøvar er det påvist legionella i 28 av 256 kommunale dusjanlegg i Stavanger. Førekomsten var hyppigast på skular, i helsebygg og idrettsanlegg.

– Dette er gjerne store og komplekse bygg med fleire kjente risikofaktorar knytte til legionella. Det kan til dømes vere auka risiko for låg temperatur på vatnet i delar av anlegget eller røyrstrekk utan tilstrekkeleg sirkulasjon, seier Krøvel.

Velmeint energisparing kan også bidra til å legge forholda godt til rette for bakterien.

– I bygg der ein blandar kaldt og varmt vatn sentralt, kan temperaturen på vatnet vere rundt 38 grader når det blir sendt ut i systemet. Det er heilt ideell temperatur for ein bakterie som legionella. Kjem temperaturen opp mot 70 grader, trivst bakterien derimot ikkje så godt.

Men ingen regel utan unnatak. Det er påvist legionella også i bygg der kaldt og varmt vatn går i separate røyr heilt fram til blandebatteriet i dusjen.

– Det viser at det kan vere ulike årsaker til legionella i ulike bygg, og at det altså ikkje finst ei universalløysing på dette problemet.

Ulike typar legionella

For Stavanger kommune har det vore viktig å få oversikt over kva typar legionella som er påvist. Det finst fleire stammar av bakterien, og dei færraste er farlege for menneske. 95 prosent av alle sjukdomsutbrot skuldast bakteriestammen Legionella pneumophila. Denne har igjen 15 undergrupper; av desse er det stort sett berre ei som gjer oss sjuke.

– Derfor har det liten hensikt å berre fastslå om det finst legionella i eit dusjanlegg, det viktigaste er å få oversikt over dei artane som har størst sjukdomsframkallande evne. Og det er viktig å understreke at sjølv desse representerer liten fare for folk med normalt immunforsvar, seier Krøvel.

Seniorforskaren meiner derfor at det er ein alvorleg mangel at lovverket i dag ikkje skil mellom ulike typar legionella.

– Det er lagt opp til at ein skal behandle alle førekomstar, og type behandling er opp til eigaren av bygget. Grunnlaget for ein slik strategi er at om ein type legionella kan vekse i eit anlegg, ligg forholda òg til rette for andre typar legionella som gjerne gjev høgare risiko for sjukdom. Då er det lett å ty til spyling med varmvatn, noko som ikkje treng vere korkje effektivt eller nødvendig.

– Resultata frå prosjektet viser tvert om at dersom ein type legionella først har etablert seg i anlegget, så er det den same typen ein finn over tid. Ein slik «føre var»-strategi kan dermed bidra til at folk engstar seg utan grunn og til at ein brukar ressursar på ein lite effektiv måte.


Dyrkingsprøve med positivt utslag på legionella. (Foto: Anne Vatland Krøvel)

Nye rutinar i kommunen

Stavanger kommune har gått vekk frå rutinemessig spyling med varmvatn og i staden set i verk ei rekke andre tiltak. Mellom anna tek dei jamlege vassprøvar frå alle dusjanlegga. Kontinuerlege målingar gjev oversikt over kva som er normaltilstanden for kvart enkelt bygg, og det gjev historiske data som er svært nyttige i beredskapssamanheng, meiner Krøvel.

Ho viser mellom anna til ein episode frå 2014, då vassprøvar frå eit anlegg viste avvik frå normalen. Undersøkingar viste ein defekt ventil i taket, og då dette var utbetra, vart verdiane normale igjen.

Kommunen har gjennomført liknande utbetringar på ei rekke anlegg for å redusere risikoen. Dei har mellom anna fjerna såkalla blindrøyr, der vatn har ein tendens til å bli ståande og lage fruktbare oasar for legionellabakterien. Dei har også utbetra røyr og skifta ei rekke varmvasstankar.

Risikoplan

Espen Svendsen, som er energiansvarleg i eigedomsavdelinga i Stavanger kommune, fortel at dei med bakgrunn i forskinga også har laga ein plan for kva som er akseptabel risiko for ulike bygg.

– Terskelen er naturlegvis lågast for alders- og sjukeheimar, der vi har bebuarar med svekka immunforsvar, seier Svendsen.

Måten kommunen kommuniserer om legionellarisikoen på, har også endra seg gjennom forskingsprosjektet.


Amøbar infiserte med legionella. (Foto: Anne Vatland Krøvel)

– No har vi detaljert kunnskap som gjer at vi kan gå ut med mykje meir presis informasjon. Vi kan fortelje eksakt kva type legionella som er påvist i eit anlegg, at vi overvakar tilstanden og at vi set i verk bestemte tiltak der det er nødvendig.

– Vi fortel også at bakterien vanlegvis ikkje er farleg for normalt friske menneske. Men det er klart at nettopp denne ukjente faktoren – helsa til kvar enkelt som brukar anlegga – er med på å gjere likninga meir komplisert. Det viktigaste for oss er likevel at vi no har mykje betre oversikt over risikoen og eit mykje betre grunnlag for å bruke ressursane våre på ein effektiv måte.

– Historiske data gjer oss også betre rusta til å handle effektivt dersom nokon skulle bli sjuke – for det kan skje igjen, seier Svendsen.

Mikromiljøet viktig

Å få kontroll over bakterien er ifølgje Krøvel ei langt meir kompleks utfordring enn ein tidlegare har trudd. Kor kompleks, kan følgjande illustrere:

– Vi såg på to heilt like bygg, oppførte samtidig og etter same spesifikasjonar. I det eine fann vi legionella, i det andre ikkje, fortel ho.

– Dette viser at når ein skal handtere legionella, kan ein ikkje sjå isolert på bakterien. Om den kan blomstre eller ikkje, avheng nemleg i stor grad av lokale forhold i vassrøyra.

– På innsida av dei fleste vassrøyr vil det danne seg ein såkalla biofilm, eit belegg av mikroorganismar som kan skape meir eller mindre gunstige forhold for legionellabakterien. Vi må finne ut meir om samspelet mellom dette miljøet og bakterien sjølv.

Amøbevarsko

Forskinga i Stavanger bekreftar også funn gjort mellom anna av Sintef i Trondheim – amøben er truleg den beste vennen til legionellabakterien.

Denne eincella organismen, som – enten ein likar det eller ikkje – er fjernt i slekt med oss menneske, er nemleg til hjelp for legionellabakterien på fleire måtar. Den er naturleg vert for bakteriane, som formeirar seg i amøben til dei er så mange at amøben rett og slett sprekk.

Amøben toler dessutan stressfaktorar som klor og høg temperatur betre enn legionellabakterien. Difor er amøben ein perfekt gøymestad for bakteriar som vil peike nase til helsemyndigheitene sin velmeinte spylepolitikk.

– Vil ein legionellasmitte til livs, må ein forske mykje meir både på kva rolle amøben speler og på kva andre vennar legionellabakterien har i nærmiljøet, seier Krøvel.

Referanse: 

Anne Vatland Krøvel: Necessity and effect of combating legionella pneumophila in municipal shower systems. PLOS one. 2014. DOI: 10.1371/journal.pone.0114331.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Emneord

Saker fra våre eiere

Universitetet i Stavanger

Frykt for ryktespredning hindrer mange unge i å søke hjelp for mentale problemer.

NIBIO

De er knøttsmå og blir ofte uglesett, men ikke alle er farlige for miljøet.

Havforskningsinstituttet

Det er konklusjonen etter at forskarar har gått gjennom all tilgjengeleg kunnskap om temaet.

Saker fra våre eiere

Statped

– Målet må vere at barn får den hjelpa og støtta dei treng, men at dei merker minst mogleg til tiltaka, seier forskar. 

Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse

Symptomer som hukommelsessvikt kan ha flere årsaker enn de typiske sykdommene vi forbinder med demens.

Høgskolen i Oslo og Akershus
Podcast:

Hvordan kan du forberede deg til framtidas arbeidsliv? I denne podcasten gir to eksperter sine råd til både kommende og eksisterende arbeidstakere. 

Forskeren forteller:

Når ungdom presses til å drive med idrett, og voksne bestemmer hvordan de skal gjør det, da blir idrettsungdom lei. Men du kan unngå at barna dine mistrives, blir stresset og presterer dårlig på sikt.

Dinosaurenes historie må skrives om, sier britiske forskere etter en ny enorm analyse. Det vil uten tvil ryste fagfolk verden over, men hvis forskerne har rett, løser de flere uløste gåter.