Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - Les mer
Det et ikkje er nokon grunn til å tru at barn vert mindre urolege av straff, ifølgje forskaren.

Det er for mange reglar i barnehagen

Mange av reglane i barnehagen er til for dei vaksne, meiner forskar ved Universitetet i Agder, som er overraska over at barnehagar framleis bruker timeout og flyttar barn bort frå plassen sin.

15.11 2016 04:00

Før i tida var det vanleg å sende ut barna om dei bryt reglar.

– Det er gammaldags å kommandere barn til å flytte pult, ta timeout i ein skammekrok eller gå på gangen, seier Lisbeth Ljosdal Skreland, førstelektor og forskar ved Universitetet i Agder (UiA).

Ho meiner integriteten til barnet da vert da sett til side for å stadfeste ein regel.

– Og da vert barnet mindre verdt enn regelen, seier Skreland,

Skreland disputerer i desse dagar med ei doktoravhandling om reglar i barnehagen. I ni månader har ho samla inn reglar, og gjort feltobservasjonar i tre barnehagar.

Ho intervjua 13 barnehagelærarar og 30 barn i alderen 3–5 år. I tillegg snakka ho uformelt med assistentane og dei andre i barnehagen.


Førstelektor Lisbeth Ljosdal Skreland meiner reglar i barnehagen er nødvendig, men at det er gamaldags med timeout og flytting av ungar som er urolege. (Foto: Atle Christiansen)

Flyttar urolege barn

Alle barnehagane ho undersøkte, praktiserte timeout og flytting av urolege barn.

Tilsnakk og rettleiing er den vanlegaste forma for sanksjon og flytting av barnet den nest vanlegaste. Det meiner forskaren er problematisk.

– Ungane eg intervjua likar ikkje timeout og flytting. Dei meiner det er urettferdig. Eg trur dette må vere ein straffemetode som har vunne innpass i barnehagen etter desse nanny-programma på TV, seier Skreland.    

I nanny-programma blir timeout ofte brukt.

Skreland meiner dette er gamaldags pedagogikk av verste sort, der ein trur at ein får endra oppførselen til folk med enkle stimuli.

Ho seier det ikkje er nokon grunn til å tru at barn vert mindre urolege av straff.

Forskaren understrekar derimot at det både er vanleg, og heilt på sin plass med sanksjonar av regelbrot, og minner om at barnehagane praktiserer både positive og negative reaksjonar overfor ungane.

Dei får ros for rett oppførsel og vert snakka til når dei gjer noko gale.

Ny debatt om barnehagen

Skreland har arbeidd 18 år i barnehage før ho vart forskar på UiA. Ho meiner at det først dei seinare åra har vore mogleg å kome med kritikk av barnehagen.

I 2006 kom lova om rett til barnehage, og før det var ikkje tida moden for nokon reell debatt om innhaldet i barnehagen.

– Dersom vi kritiserte barnehagen i 1990-åra, vart vi alltid møtt med motargument om at det ikkje var noko betre å vere heime, seier Skreland.

Ho minner om pedagogen Christian Bech ved Universitetet i Oslo, som på 1990-talet var kritisk til barnehagen. Han sa mellom anna at det er synd på ungane i barnehagen.

Bech fekk stort sett motbør i media.

– Den gongen gjekk det ikkje an å snakke om at det fanst gode og dårlege barnehagar. No er debattklimaet annleis, og det er bra for barnehagen. Vi må se på praksis med eit kritisk blikk. No kan vi endeleg diskutere kvaliteten på innhaldet, seier Skreland.

Doktoravhandlinga hennar er også eit bidrag i så måte.

90 prosent av barna under skulealder går i barnehage her i landet, og doktoravhandlinga til Skreland er blant dei få viser kva for reglar og verdiar dei møter i barnehagen.  

Reglar sikrar tryggleik

Ho har delt reglane inn i tre overordna kategoriar: dei som sikrar tryggleiken til barna, ute- og innereglar og reglar for samhandling og samarbeid.

Tryggleiksreglane er dei viktigaste, ifølgje forskaren. Dei handlar om viktige verdiar som omsorg og det å ta vare på liv og helse.

Andre reglar har ikkje alltid like god grunngjeving. Nokre av dei liknar mest av alt på ordensreglar som hjelper til med å halde system og struktur i barnehagen.  

– Reglar for samhandling har grunnlag i djupare eksistensielle verdiar. Du skal ikkje slå, og du skal ta alle med i leiken. Det er reglar med eit godt grunnlag i menneskerettar og sosialdemokratiske haldningar om å inkludere alle, seier Skreland.

Slike reglar står til debatt, og innimellom oppstår situasjonar der ein må forhandle om kva for reglar ein skal manøvrere etter. For etter menneskerettane har du også rett til å vere i fred og leike med den du vil.

Skreland fann færre reglar i leiken til barna, men straks dei vaksne er involvert, slår regelverka inn, til dømes under måltid og samlingsstunder.

– Dei vaksne styrer og kontrollerer barna på dei vaksne sine premiss, seier Skreland.

Lettar kvardagen

Studien har stadfesta mistanke hennar om at barnehagen er regelstyrt, men ho er mildare stemt til reglane i dag enn før.

Ho finn gode grunnar til at det finst reglar som gir strukturar i kvardagen for barn og vaksne.

– Mange av reglane i barnehagen er først og fremst til for å lette kvardagen til dei vaksne, men nokre av reglane er også forankra i viktige verdiar, til dømes at ein har ansvaret for barn som ikkje er eins eigne, seier Skreland.  

Ho understrekar at ho har stor tru på at barnehagane utviklar seg i riktig retning.

 – Vi treng varme og gode barnehagelærarar. Mange av dei eg møtte i dette arbeidet, kunne snakka strengt og irettesetjande til barna, men også da snakka dei vennleg, varmt og med kjærleik i stemma, seier Skreland. 

Referanse:

Lisbeth Ljosdal Skreland: På mandager er det ikke lov med papirfly, En studie av regler og yrkesutøvelse. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder. 2016. Sammendrag

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse